Rekruttering har blitt meir vanskeleg i delar av kulturlivet. Vi har fått slike signal frå fleire også lokalt; offentlege kulturskular, frivillige kor og korps, og ikkje minst i idretten. Midt i det heile finst det også heiderlege unntak og positiv utvikling, men oppsummert er det framleis vanskelege tider for mykje av kulturlivet, – lokalt, regionalt og nasjonalt.

«- Publiukum let vente på seg, og frivillighieta lir. Det er vanskeleg å hente tilbake deltakarar på aktivitetstilbod, særleg barn og unge». Det skriv tre kulturarbeidarar, Ann Evy Duun, Per Morten Ekerhovd og Line Anni Solbakken, i ein kronikk som for nokre veker tilbake vart publisert på Kommunenes Sentralforbund sine nettsider.

Her heiter det lokale og regionale verkemidlar for å motverke negativ koronaeffekt i kulturlivet, er dei mest treffsikre. Noko av årsaka er ulikheita i kommunane, der nokre er tettbygde, medan andre har meir spreidd busetnad. 25. februar var det eit stort kulturpolitisk toppmøte der gjenreising av kulturlivet etter pandemien vart drøfta. Det er bra at ein held fana høgt på dette området og er merksam på problemstillingane. Men:

For at vi framleis skal ha – eller kanskje meir rett sagt bygge opp att – eit oppegåande kulturliv, og reetablere eit breiast mogleg kulturtilbod, er det mykje opp til innbyggarane å bidra. Ta turen på kino, støtt fotball- eller handballaget ditt anten som medhjelpar eller publikummar. Besøk den lokale korkafèen eller konserten som er i nærområdet, eller; bestill ein billett på konserthuset der det stadig vekk kjem artistar i toppklasse.