Dessutan, og like alvorleg: Om Helse Møre og Romsdal gir jobben med pasientreiser til ein ny kontraktør der kvaliteten på arbeidet og lokalkjennskapen på førehand er temmeleg ukjend, kan pasientkøyringa også stå i fare for å bli vesentleg forringa.

– Som ordførar i ein distriktskommune, ser eg med gru på å få att tilstandane vi hadde for berre få år tilbake. Eg hugsar klagene som kom frå pasientar som var utslitne etter ein heil dag i samledrosje, heiter det i eit utspel frå ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande.

– Helse Møre og Romsdal er blinde for alt anna enn pris, seier Per Morten Bjørlykke i Nordvest Taxi. Han slår fast at det å miste pasientkøyringa i praksis slår beina under det aller meste av driftsgrunnlaget.

Det er ingen grunn til å tvile på verken Landsverk Sande eller Bjørlykke, i det som er ei svært viktig sak for distrikta. Dei seinare åra har pasientkøyringa vore både stabil og hovudsakleg god, i motsetnad til «Texas-tilstandane» vi opplevde med pasientar som vart sende nærast som kveg i minibussar, med reising på kryss og tvers på Sunnmøre.

Vi håpar helseføretaket set seg ned og ser på tildelinga med nye auge. Historisk og kjend kvalitet, lokalkjennskap og -tilhøyrsle er faktorar som må høgt på prioriteringslista når endeleg tilbydar skal veljast. I sum handlar saka vel så mykje om respekt for menneske (pasientar) og infrastruktur – medrekna drosjetilbodet – som botnlinja på eit anbodsdokument.