Som ein del av norskopplæringa tilbyr Kvalifiseringssenteret for innvandrar i Herøy å delta i språkpraksis rundt om i kommunen. Ordninga har fungert godt i mange år, og deltakarane er takknemlege for moglegheita.
Viktoriia kom til Noreg frå Ukraina for berre ti månader sidan. På kort tid har ho lært godt norsk, og har gjennomført språkpraksis i Sirlihaugen barnehage. Her saman med pedagogisk leiar og kontaktperson Malinn Sandhaug.
Foto: Melissa Nerland Paulsen