I utgangspunktet er det våtmarksområde og høgfjell aust i landet som er heim for denne store fuglen, men ein aukande populasjon har ført til at det i dag finnast hekkande par også i Møre og Romsdal.

Sjeldan fugl på besøk i Herøy og Sande

Tranen er ein kortdistansetrekkfugl som på 1950 talet var klassifisert som ein sjeldan fugl i Noreg.

På den tida kom han om sommaren frå overvintringsstadane i Nord-Afrika, der det også blei drive jakt på fuglen. Seinare har det blitt etablert store fredingsområde i Spania som fuglane i staden har begynt å bruke.

På grunn av dette har populasjonen auka kraftig og med kortare distanse kjem han også tidlegare til Noreg om sommaren.

Eit berømt fenomen som trekk til seg store mengder turistar er at nesten alle tranene som kjem til Skandinavia stoppar innom Hornborgasjön i Sverige. Her kan det samlast så mykje som 25 000 traner på ein dag.

For å spare avlinga til bøndene i området blir desse fuglane fora med rundt 100 tonn korn i året, som også sjølvsagt har ført til ein auka populasjon. Som eit resultat har tranen i Noreg spreia seg ut frå våtmark- og høgfjellsområda og ned mot kysten.

Så langt vest som hos oss er tranen framleis ein svært sjeldan fugl, men mindre grupper på reise har vore observert fleire gongar. I Moltu-dalen var fuglane å sjå i 2016 og i førre veke var det ei lita gruppe på Sandsøya.

Tranen er ein populær fugl og den klassiske trompetlyden dei framvisar i paringstida er ein gjengangar i fleire naturdokumentarar.

Men tranen er ein stor fugl og det er klart at ein auka populasjon kan få konsekvensar. Han er ein altetar på 6 kg og det går med mykje mat, som består av både planter, bær, gras, amfibier og små pattedyr.

Flyg i same høgde som passasjerfly

Etter den spektakulære tranedansen ved Hornborgasjön eller andre våtmarksområde trekk fuglane nordover til hekkeplassane sine.

Her legg hoa to egg som begge foreldra rugar. Etter rundt ein månad klekk egga. Saman tek foreldra seg av ungane til dei er flygedyktige etter 70 døgn. Då begynn fuglane trekket tilbake til sørlegare område for vinteren.

Under trekket er tranen blant dei fuglane i verda som flyg høgast, med sine imponerande 10 000 moh.!