Den splitter nye kulturminneplanen dumpa ned i postkassene før jul. Kommunen opplyser at planen viser utviklinga frå fangststeinalderen fram til nyare tid, og synleggjer ein kulturhistorisk samanheng.

– Kulturminne er ein del av vår identitet, og det er viktig at vi bevarer nokre av kulturminna for vidare generasjonar. Handlingsdelen i planen viser vidare arbeid med kulturminn, skreiv ordførar Dag Vaagen i julehelsinga til innbyggjarane.

Planen har vorte utarbeidd i eit nært samarbeid mellom mange lokale aktørar.

– Med å sende ut kulturminneplanen vil vi at innbyggarane skal få nærmare kjennskap til vår rike kulturhistorie, heiter det frå kommunen.