Turen for den tidlegare statsråden starta tysdag ettermiddag då Listhaug var innom Marine Harvest for bedriftsbesøk i regi av Herøy Frp. Stortingspolitikaren vart der tatt godt imot av regionaldirektør for Marine Harvest Asgeir Hasund og fabrikksjef Sølve Kiviranta. Besøket starta fyrst med ein presentasjon av bedrifta.

Gode tal for Marine Harvest

Marine Harvest kan i år melde om eit resultat etter skatt på 172,8 millionar euro i 2. kvartal, mot 66,5 millionar euro i same periode i fjor. Ifølgje TDN Direkt var det venta eit resultat på 132 millionar euro, noko som vil seie at dei leverer over forventingane. Den globale etterspurnaden etter laks har vore svært god så langt i år. Dette har ført til høge lakseprisar i alle marknadar.

– Vi ser positivt på framtida og har derfor gjort ein del investeringar det siste året, opplyste Hasund.

Nytt på fabrikken

Under presentasjonen fekk vi også lære av fabrikksjefen om eit heilt nytt avlivingsanlegg på fabrikken. Eit anlegg som skal sikre betre kvalitet og dyrevelferd.

– Anlegget er ei investering på titals millionar som skal sikre ein endå meir human slakteprosess. Systemet fungerer som eit motstraums-basseng der laksen sym inn i ein kanal og får eit kakk i hovudet som bedøver den. Deretter får den eit stikk som gjer at den blør ut før den vaknar. Deretter ber det vidare til resten av anlegget, forklarte Kiviranta.

Den nye delen ved fabrikken har vore operativ sidan februar.

– Elles har vi også meir utbygging på gang. Vi bygger for augeblikket ut eit nytt kjølelager og eit nytt kasseloft, heldt han fram.

Ringverknadar

Eit gjennomgåande tema som Marine Harvest var opptatt av å fronte for stortingspolitikaren, og dei lokale politikarane i reisefølgjet, var ringverknadane som bedrifta skaper. Sylvi var nemleg nysgjerrig på sysselsettinga i og rundt bedrifta.

– For oss er det viktig å vise til ringverknadane og at våre investeringar skapar arbeid for ei rekke andre bedrifter, fortalde Hasund.

– Interessant

Etter bedriftspresentasjonen fekk Listhaug og reisefølgjet eit lite innblikk i fabrikklokala og drifta på Eggesbønes. Sjølv om fiskeripolitikken ikkje er hennar hovudpost, er ho svært opptatt av det lokale næringslivet i Møre og Romsdal.

– Det er veldig interessant å sjå på fiskeindustrien og oppdrettsnæringa sine ambisjonar og moglegheiter framover. Eg kjem ifrå eit næringsfylke, noko eg er utruleg stolt av. Her vert6 det skapt verdiar som det offentlege ikje kan erstatte og dette er eit godt eksempel på kor viktig det er at vi politikarar legg til rette for det private næringslivet så dei kan skape arbeidsplassar og verdiar ute i distrikts-Noreg.

Elles opplyste Frp-politikaren at det var hyggeleg å besøke Herøy.

– Dette er ei sterk kommune for Framstegspartiet. Eg er opptatt av å reise rundt til det lokale næringslivet i fylket eg er vald inn ifrå for å sette meg godt inn i kva næringsliv vi har og kva dei meiner.

Reklamerte for statleg finansiert eldreomsorg

Etter bedriftsbesøket på Marine Harvest gjekk turen vidare til Eggesbøtun der Listhaug fekk møte brukarar av omsorgsbustadane der. Her kom ho også litt meir inn på det som er hennar politiske agenda, nemleg helsepolitikken.

– Ei av sakene eg er særs opptatt av er at dei eldre sjølv skal bestemme over eige liv. Eg håpar også at Herøy vil vere med å delta i prøveprosjektet om statleg finansiering av eldreomsorga, forklarte ho til Vestlandsnytt.

Seks kommunar har sidan 1. mai 2016 deltatt i eit prøveprosjekt fremma av Frp der staten har overtatt finansiering av eldreomsorg. I fire av test-kommunane har staten også stilt krav til korleis kommunane skal drifte eldreomsorga.

– Bakgrunnen for prosjektet er at det er store forskjellar på kvaliteten i eldreomsorga i dei ulike kommunane i landet. Vi i Framstegspartiet er klare på at landets eldre skal få ein verdig alderdom uansett kva for ei kommune dei bur i. Dette vil vi sikre gjennom statleg finansiering, slik at eldreomsorga ikkje lengre skal kunne vere ein salderingspost i kommunebudsjetta, sa Listhaug, og reklamerte for at testkommunane så langt viser til gode resultat.