Visste du at alle norske innbyggjarar er oppmoda frå statleg hald til å førebu seg på at det kan inntreffe ei krise? Det kan sjølvsagt skje at samfunn vert isolerte, eller at ein av ulike grunnar må klare seg utan hjelp utanfrå. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har ei ståande oppmoding om at kvar person må ha visse ting i hus for å klare seg i tre døgn:
Ni liter vatn, to pakkar knekkebrød, ein pakke havregryn, tre boksar middagshermetikk eller tørrmat, tre boksar pålegg med lang haldbarheit, tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade, medisinar, ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming, grill- eller kokeapparat som går på gass, stearinlys, lommelykt med batteri, parafinlampe, fyrstikker eller lighter, varme klede, pledd og sovepose, førstehjelpspakke, batteridriven DAB-radio, batteri, batteribank og mobilladar til bilen, våtserviettar og desinfeksjonsmiddel, tørke- og toalettpapir, litt kontantar, ekstra drivstoff, ved, gass/parafin, samt jod-tablettar for gravide, ammande og born under 18 år. Det siste til bruk ved atomhendingar.
Sjansen er sjølvsagt liten for at ein får behov for eit slikt omfattande kriselager. Men det er ei statleg tilråding. I vårt område er det vel oftast slik at naboar vil hjelpe andre som ikkje klarar seg sjølve. Overfor NRK har DSB peika på klimaendringar (med meir ekstremvêr) og ein endra sikkerheitspolitisk situasjon som bakgrunn til at ein tilrår folk flest å ha ein auka beredskap, berre i tilfelle.
Men altså: Stikkorda er lys, varme, vatn og mat. Då er ein langt komen.