Bergsøy-jentene går hardt ut i første omgang, held høgt tempo og spelar seg til gode sjansar. Dessverre går få av ballane i mål, delvis fordi jentene rett og slett bommar, og delvis fordi Kristiansund har ein dyktig keeper. Det set ein dempar på humøret til Bergsøy, som denne laurdag spelar bortekamp på heimebane.
Fordi spelet generelt sett er godt, går likevel Bergsøy til pause med 16-12-leiing.
- Vi fekk oss ein god prat i pausen, seier lagleiar Siv Jensen.
Godt lagspel
Det hjelper. Jentene startar igjen med god energi, får overtaket og held leiinga i starten. Men få minutt inn i andre omgang, dreg motstandarane innpå. Etter fem minutt, er der berre to mål i forskjell. Men Bergsøy har openbert kampvilje. Siv Vestnes viser musklar, og skårar fleire mål med motstandarar hengande «over heile trøya». Olivia D. Nærø nappar på eit tidspunkt til seg ballen og sprett den over heile bana med ein motspelar hengande hjelpelaust på slep, før ho dunkar inn det 23. målet før keeperen får sukk for seg. På det meste leiar Bergsøy med fem mål.
Men Kristiansund sin keeper er god, og Bergsøy har framleis ein del bomskot. Motspelarane tvingar seg oppover, og knappe ni minutt før kampslutt, utliknar dei. Då lyd det plutseleg høgt frå ei engasjert kvinnerøyst på tribuna:
- Kom igjen no då, jenter!
Kort tid etter, skårar Mia Michelle Moen Kvalsund, og jubelen bryt laus. Heretter engasjerer publikum seg meir, og klappar taktfast kvar gong Bergsøy får sjansar. Det har god verknad på jentene, som greier å halde tre måls leiing i fleire minutt. Men motlaget får ein del straffekast i løpet av 2. omgang og skårar på alle. Dei utliknar igjen: 29-29.
I det 28. minuttet kastar ein motspelar ballen over banen, men Beate sprett rett opp i lufta og fangar den i ei armlengds avstand over sitt eige hovud, kastar den fram og sikrar siger: 30-29.
Reduserte
Etter kampen er trenar Aukse Aglinskiene så stressa etter den nervepirrande avslutninga at ber oss om å helles snakke med lagleiaren.
Siv Jensen er nøgd men dagens lagspel, men er usikker på om sigeren var heilt fortent.
- Vi vann på ein dårleg dag, men det som var dårleg var at vi ikkje fekk ballen i mål. I første omgang får vi ein del kjempesjansar, men så set vi ikkje ballen. Vi hadde 61 skot, men skåra berre på 30 av dei. Då trur ein at ein er dårlegare enn ein er, og humøret og innsatsen dett. Etter pep-talken i pausen, spelar vi mykje betre. Spelarane smilar og feirar litt, seier ho.
Det er elles hardt å halde koken når ein er så redusert som Bergsøy sitt damelag er for tida, med fleire ute av spel på benken, og nokre halvskadde spelarar på bana.
- Dessutan har vi ein kamp i morgon (søndag) også, så vi kan ikkje gå «all in» på dei som er halvskadde. Men det er veldig kjekt å sjå at Othelie (Vindfjell), som er venstrehendt og spelar høgrekant, gjorde innhopp på høgrebacken og finta seg fint igjennom. Olivia, som spelar ving, gjekk også i back ei stund. Og så fekk vi eit par utvisingar. På eit tidspunkt var vi berre fire utespelarar på bana, seier Jensen.
Othelie Salvatierra Vindfjell vart dagens toppskårar, med sju mål, medan Olivia Nærø og Beate Myklebust skåra seks mål kvar. Siv Marie Vestnes imponerte også med sine fire mål.
I dag (søndag)møter Bergsøy Godøy/Aksla på heimebane.