Saka var nyleg oppe til drøfting i formannskapet. Der fekk ordførar Dag Vaagen (H) fullmakt til å vende seg til departementet med ein uttale. Saka knyter seg til revisjonen av den såkalla distriktsindeksen.

Kommunen, med ordføraren i spissen, har særskilt merka seg at omlegginga av ny indeks synest å gå ut over distrikta.

–På generelt grunnlag er vi kritiske til at omlegginga til ny indeks synest å gi ein samla reduksjon i distriktsstøtta med om lag 10 prosent (290 mill) jf. KS sine modellutrekningar. Det er ikkje grunn til å forvente at summen av distriktsutfordringar skal verte mindre, skriv Vaagen til Kommunaldepartementet.

Syner til nabokommunar

Til Vestlandsnytt seier ordføraren fylgjande:

– Det var ein runde om same sak i 2011. No er det ein ny gjennomgang, og vi er sjølvsagt på bana og seier ifrå at støttemodellen gjer at vi vert forskjellsbehandla.

– Korleis?

– Eit døme kan vere at både Vanylven og Selje kommunar, som er reine fastlandskommunar utan slike geografiske og kommunikasjonsmessige utfordringar som oss, faktisk har ein grad høgare distriktsstatus enn Sande, seier Vaagen.

Ordføraren, saman med rådmann Asle Giske, konstaterer at distriktsindeksen har fått - og er vidare tiltenkt - stadig større betyding som hjelpemiddel for fastsetjing av verkeområde for distriktsretta regional støtte og fordeling av regionalpolitiske tilskot til kommunane gjennom inntektssystemet.

– Det er sjølvsagt svært viktig at revisjonen, med gjennomgang av samansetjing og veging av indikatorar, fører til ein indeks som på best vis fangar opp samfunnsmessige utfordringar som følgje av geografiulemper med meir, skriv kommunen i innspelet til departementet.

Sande kommune har merka seg at det i framlegget til ny distriktsindeks er det tre i staden for fire indikatorar. I den nye med auka vekt av geografi basert på grad av sentralitet .

– Demografidelen med eldredel og kvinnedel er ute av indeksen med grunngjeving i at demografien er tett korrelert (uttrykk frå rapporten) til sentralitets-faktoren. Vi er like fullt urolege for at indeksen ikkje vert finmaska nok til å fange opp den einskilde kommune sine særskilde utfordringa, uttalar Vaagen.

Øyfaktor/tungvint ferjedrift

Sande kommune varslar Kommunaldepartementet om eit par konkrete moment:

1) Reisetid/-moglegheit. Utfordringar som er unike for vår kommune i høve til regionen elles: Stor del av innbyggjarane er busette på kringflødde øyar ved Stadhavet. Kommunikasjon til frå/øyane er i dag som for 40 år sidan: Ferje i firkantsamband. 9 avgangar i døgnet, med 2 timars intervall. Driftsstans pga. vermessige og materiellmessige tilhøve er ikkje uvanleg. Isolerte øysamfunn i den tida ferja må ligge i ro, alt frå 4 timar til heile døgn.

2) Høg næringsaktivitet i kommunen med store-, mellomstore- og små verksemder, særleg knytt til marine- og maritime næringsklynger, utan tilsvarande høg busetjingsgrad jf. stor innpendling (<30%). Næringsstrukturen, med framleis maskulin overvekt mellom tilsette i martime næringar, gir isolert sett for vår kommune lav kvinnedel, og relativ lav busetjingsgrad gir over tid høgre eldredel.

– Med momenta over meiner vi å peike på at distriktsindeksen må vere treffsikker i høve til den einskilde kommune, liten som stor. Som vertskap for næringsliv med stor regional og nasjonal betyding er det vårt samfunnsansvar å legge til rette med tenleg infrastruktur og tenestestruktur, heiter det i uttalen frå Sande kommune.