Søndag ettermiddag aula det av folk på grasbana i Gursken. Her samla både innan- og utanforbygdingar seg for «Allsong på graset», som etter fjorårets suksess berre måtte gjentakast.

– Vi fekk so mange positive tilbakemeldingar i fjor og vi såg at folk kosa seg. Vi synest at denne grasbana bør brukast til noko, for slik det er i dag er det litt trist å sjå at her ikkje er så mykje aktivitet lenger, fortel Randi Myklebust.

Saman med Kåre Fjørtoft er ho å rekne som ein av primus motorane bak arrangementet. Arrangementet vart for fyrste gong gjennomført i fjor. Ideen bak arrangementet var det Fjørtoft som kom med, i eit håp om å lage litt meir liv på Gursken stadion, gras. Med seg på laget fekk han Randi Myklebust som styrer Joker i Gursken. Ho stiller med all maten til arrangementet og inntektene går rett til å drive opplegget.

Fleire folk i år

Sjølv om «Allsong på graset» i namnet kan høyrest ut som eit reint musikkarrangement, er det langt ifrå sanninga. Ute på graset var det nemleg fleire uteaktivitetar og leikar for dei unge, med premiar for deltaking. For høvet var det også leigd inn ei eit gedigent hoppeslott.

– Vêret klaffa fantastisk bra i år, og vi er mange fleire folk i år enn kva vi var i fjor, seier Myklebust.

Lokale i sving

Det var lokale krefter som stod for underhaldninga og som forsongarar under årets arrangement. Mellom allsongen fekk dei frammøtte høyre kulturskuleelevar spele både fiolin og trekkspel. Gursken brass spelte også opp medan folk grilla og naut finvêret.

– So må vi skryte litt av forsongarane våre; Laila, Inga-Lill og Kevin på piano som leia oss gjennom ei rekke med gamle slagerar å synge til.

Flott initiativ

Sandeordførar Dag Vaagen var også å finne på grasbana, i full sving på fotballposten .

– Dette er eit fantastisk initiativ. Eg ser folk kosar seg og eg vil rose Kåre, Randi og resten av folket som deltek på dugnad for å få til eit slikt arrangement, skryt Vaagen.