Av dei deltakande var det 485 personar som klarte å kome seg til minst fem av dei utvalde turmåla rundt omkring i Herøy kommune. Det gjer at 2018-utgåva av det populære kommunale lågterskeltilbodet er den sesongen der nest flest personar har fullført. Berre i 2016, då 505 fullførte, var det fleire som fekk diplom for innsatsen.

Ordninga med «Herøy 10 på topp» blei starta opp i 2002, og hadde som føremål å få fleire herøyværingar og andre tur-interesserte ut i Herøy-naturen. På «10 på topp»-korta er det 24 turmål, som er merka med A og B. Turar merka med A er rekna for alle, og ein må ha minimum ti klipp for å få godkjent.

Turar merka med B er rekna for born under 12 år, godt vaksne over 70 år og personar med nedsett funksjonsevne. Her må ein ha fem klipp.

At aktivitetstilbodet opplever ny deltakarrekord i sin 17. sesong, blir av kommunen omtala som veldig kjekt.

Tilbodet blir sjølvsagt vidareført i 2019, og korta blir tradisjonen tru tilgjengelege like før påske.