– Ikkje minst er det ei optimalt fin plassering dei har funne, akkurat ved djupålen som vi gjennom kystsoneplanarbeidet har sett syter for svært god gjennomstrøyming av sjø rundt heile Gurskøya og Hareidlandet.

Det sa Muren då Sande formannskap onsdag sa ja til dispensasjonssøknaden som ligg inne til Marine Harvest si omsøkte etablering på Voravika ved søraustpynten av Sandsøya.

Rask saksbehandling

Fungerande rådmann Oddbjørn Indregård meinte saka har fått prioritet og rask behandling på teknisk etat. Det same streka varaordførar Helge Støylen (Sande vest) under.

Rasmus Ekroll frå teknisk etat orienterte om sjølve saksprosessen, der det er søkt om etablering av eit anlegg som i store trekk ligg mellom to etablerte oppdrettslokalitetar.

– I dag er det ikkje ein einaste oppdrettsfisk ute her i Sande. Dette er ei fin plassering heilt på kanten av ein 300 meter djup fjord, sa Ekroll. Han synte også til ein ryddig prosess så langt, med orienteringar og folkemøte, utan store protestar.

Lågt konfliktnivå

– Konfliktnivået i denne saka er lågt, konstaterte Ekroll. Han forventa at saka kan sluttbehandlast i august, etter at også fylkeskommunen har vore involvert og så langt ikkje har varsla store motforestillingar.

Til saka vart det elles opplyst at kommunen har forventingar til at det vert meir pengar å hente med åra.

– Arbeidsplassar er viktig. Marine Harvest kjem til å tene milliardar her, og då må det drype litt på oss også, sa Arnljot Muren.

– Fiskeriministeren sine signal seier at kommunane kjem til å ha større inntening på slike anlegg i framtida enn det som har vore til no, tilføya ordførar Dag Vaagen (H).

Plastringar med netting

Til søknaden opplyser Marine Harvest at det er planlagt eit plastring-anlegg med dobbel rammefortøyning. Ringane vert 50 meter i diameter og vert utstyrte med fuglenetting. Dessutan høyrer ein fôrflåte med til anlegget.

Med høyrer også ei stor anleggsramme, og dessutan fortøyningar som delvis vil kome inn i eit areal som er registrert som rekefelt. Anlegget vil venteleg gje mellom fem og sju nye arbeidsplassar.