Kyrkjetenar i Larsnes kyrkje dei seinare åra, Annbjørg Rovde Frågodt, skjønar godt den frustrasjonen som har blitt uttrykt om Larsnes kyrkje i det siste. Nyleg var det eit større oppslag i Vestlandsnytt om tilstanden til bygget som rundar tretti år i 2019.
– Det har vore ein del kommentarar frå folk som er på besøk i kyrkja, og som påpeikar det synlege forfallet. Håpet er naturlegvis at kyrkja kan få seg eit nødvendig tiltak med vedlikehald og utbetring av skadar. Det er ikkje kjekt å oppleve at det rotnar opp både innvendig og utvendig, seier ho.
Forfallet auka med åra
Frågodt er sjølv tilsett i 20 prosent stilling som kyrkjetenar, og har ikkje høve til å jobbe som «vaktmeister».
Kyrkjetenaren seier kyrkja vart veldig godt teken vare på av dei dyktige kvinnene og mennene i kyrkjeringen på Larsnes. Utfordringa var at ingen stod klar til å ta over etterkvart som desse menneska vart for gamle til å halde det gåande lenger. Kyrkjeringen vart lagt ned, og trass i forsøk på å få foreininga opp og gå igjen, lukkast ein ikkje.
Åra gjekk, og forfallet har dei seinare åra for alvor teke til å vise Ein rapport som vart utarbeidd for vel eit år tilbake, syner store skader og jamvel nokre bygningsmessige feil som gjer at forfallet har hatt god grobotn.
– Eg vil gjerne få skyte inn at det ikkje har vore vanskeleg å få folk til å stille opp, til dømes på vår-dugnad. Folk er generelt positive til å hjelpe til, seier Frågodt.
– Hadde fore fantastisk
– Men de kunne ha ynskt noko meir fast, som ei venneforeining?
– Det hadde vore heilt fantastisk for kyrkja om vi fekk vil noko slikt igjen. Gjerne ein fast gjeng som kunne sjå til kyrkja og bidra med vedlikehald og liknande, seier kyrkjetenaren.
Ho meiner det ville ha blitt langt meir kontinuitet over arbeidet om Larsnes kyrkje igjen kunne fått igang noko slikt.
– Vi veit her er mange i bygda som er glade i kyrkja, og som stiller opp når dei bli spurde.
Frågodt legg til at saka mest truleg blir teken opp på komande møte i fellesrådet, og håpar samstundes på at ein får med seg kommunen på eit konstruktivt samspel.
Det høyrer med til saka at Larsnes kyrkje er ei typisk brukskyrkje, med ulike former for aktivitetar dei fleste dagar i veka.