Nyleg vart fire utflytta Moltu-damer overtydde om at medlemskap i sogelaget i heimkommunen er viktig for å halde kontakten med familie, slekt og venner. Leiaren i Herøy Sogelag, Johan Moltu, gjekk seg på tre av damene på kafe i Fosnavåg her ein dag, og med ei blanding av pågåande salstriks, gode argument og ein viss sjarm hadde han på kort tid sikra seg tre nye sogelagsmedlemmer.
Heimebesøk på Moltu
Elisabeth Moltu bur på Skedsmokorset og er nypensjonert sjukepleiar, Kristin Tarberg Bjerkan bur i Trondheim og er pensjonist på 2. året, og Alfhild Moltu bur i Bærum og arbeider som revisor. Alle tre er oppvaksne på Moltu, og dei skal på 50 års konfirmantjubileum i helga. Medan dei er i Herøy, bur Elisabeth og Kristin i barndomsheimen hennar på Tarberg, som ho disponerer saman med to systrer. Alfhild bur hos systera Johanne Moltu Lundberg, som arbeider som psykiatrisk sjukepleiar i Volda, og som nyleg har flytta tilbake til Moltu.
Viktig å kjenne røtene
Vi møter alle fire i Kristin sin barndomsheim på Tarberg. Dei meiner det er viktig å vite litt om både familien, om bygda dei vaks opp i, og om heimkommunen. Difor abonnerer tre av dei på Vestlandsnytt. Dei gamle Herøybøkene til Bjarne Rabben er dei også godt kjende med, og no har Johan overtydd dei om at dei nye bøkene «Heimar og Folk» også bør stå i bokhyllene deira.
– Eg trur kanskje vi som bur vekke er ekstra opptekne av røtene våre, seier Kristin.
Stor fridom på 50-talet
Alfhild minnest ein fantastisk barndom på Moltu på 50- og 60-talet med stor fridom, utan sykkelhjelm og redningsvest! Elisabeth fortel at dei var sju gutar og sju jenter i 1953-kullet på Moltu, og først i 7. klasse fekk dei ein utdanna lærar, Olav Yksnøy frå Volda.
– Vi lærde å lese og skrive, men skuletilbodet var sjølvsagt ikkje optimalt.
Alfhild kan også fortelje at ho i si tid hadde Endre Vorren, Vestlandsnytt-redaktøren, som elev i 2. klasse på Sandsøy skule då ho var studentlærar der ute:
– Det var det året han lærde seg å skrive, meiner ho.
«Folk og Fortid» og Herøykalenderen til farsdagen
Johan Moltu deler rundhanda ut tidlegare årgangar av «Folk og Fortid» og gamle Herøykalenderar, og lovar dei nye medlemmene ferske utgåver tilsendt i veka før farsdagen i november. Og dersom fleire av konfirmantjubilantane skulle ønskje medlemskap i «heime-sogelaget», så er det nok berre å ta kontakt med leiaren