Etter at det i fjor blei gjennomført ei kartlegging av uønskte plantesortar i Herøy, ønskjer Fylkesmannen no å gå i gang med bekjempinga. I Herøy er det fyrst og fremst arten rynkerose som skal bekjempast, men det er òg registrert nokre forekomstar av parkslirekne, som bak rådhuset og på ein annan kommunal eigedom i Fosnavåg. Rykerose er registrert på ein privat eigedom ved Myklebustvegen.

Truar naturmangfaldet

Både parkslirekne og rynkerose er svartelista fordi dei er ei viktig årsak til tap av naturmangfald i norsk natur. Mange av dei svartelista artane i naturen er rømlingar frå private hagar, og blir difor kalla hagerømlingar.

Fylkesmannen forventar ikkje å kunne utrydde alle førekomstane av framande artar i fylket, men rettar innsatsen mot artar og område der det kan vere håp om å lukkast.