Formannskapet har tidlegare gitt klarsignal til at kommunen kan kjøpe leilegheiter i det nye leilegheitskomplekset på Vågsholmen. No får formannskapet saka på bordet igjen med tilråding frå rådmannen om å kjøpe tre leilegheiter for inntil 11 mill. kroner med betaling i 2020.

Av rådmannen si saksutgreiing går det fram at dette er eit strategisk kjøp med tanke på å auke busettinga i kommunesenteret. Kjøpet av kommunale leilegheiter blir sett på som eit viktig bidrag til å få Vågsholmen-prosjektet realisert.

Rådmannen legg til grunn at kommunen skal vere ein kortsiktig eigar dersom det viser seg å bli stor etterspørsel frå private kjøparar. Kommunen kan då selje seg ut og bidra til realisering av andre prosjekt i sentrum.

Vågsholmen-prosjektet vil gi til saman 21 nye leilegheiter.