Det var 1. nyttårsdag og eg hadde fri, fortel Ytterland.
– Det var mykje vind, og eigentleg var fotolyset ganske flatt, men seinare lysna det, og då fór eg av garde.
I likskap med ein del andre «vêrturistar», køyrde han til Runde for å finne store bølgjer.
Ved den første sanden på høgre side etter Rundebrua stoppa han.
– Eg såg utover. Først trudde eg det var ein sel, men då eg zooma inn, såg eg at det var ein person som sumde utover. Eg tenkte eg hadde sjansen til å få eit flott bilde, gjerne med brua i bakgrunnen, fortel Ytterland.
Han vart ståande i ein time. Det var vanskeleg å halde seg på føtene i den sterke vinden og fotografen vart våt av dei store bølgjene som skylte mot fjøresteinane.
– Plutseleg lysna det opp, vinden auka på, og det kom nokre heftige bølgjer. Hagla gjorde det og. Surfarane kom seg opp, og då klaffa på ein måte alt. For meg var dette eit blinkskot.
Spora opp surfaren
Då Vestlandsnytt fekk oversendt fotografiet frå Ytterland, vart vi nysgjerrige på kven surfaren på bildet var. Ytterland leika detektiv og fann fram til namnet til ein av kring sju av surfarane som leika seg i bølgjene: Sigbjørn Melvær (28) i Ørsta. Vi kontakta han, og gjett kva...
– Dette ser ut som meg ja. Kjenner igjen brettet.
Ikkje lett å halde hemmeleg
Sigbjørn er ikkje overbegeistra over at bilde av surfeplassen er delt i media.
– Når du er surfar og finn ei god bølgje, prøver du å halde plassen hemmeleg. Mystikken er halve moroa, og det er viktig at den ikkje vert øydelagd. Men det var no litt vanskeleg å halde plassen skjult då vi heldt på rett ved vegen, seier han.
Surfaren medgir elles at det var eit veldig tøft bilde.
Å vente på ei bølgje ...
– Det som driv oss er kjensla av å stå på bølgja. Vi ligg i fjøresteinane og ventar. Det tek tid – kanskje eit kvarter - før det kjem ei bølgje. Vi sat der i haglevêr, og det var ganske jævlig, men det er verd det når det kjem ei god bølgje, seier Sigbjørn.
– Har god kontroll
For folk flest kan kanskje surfing på store bølgjer verke skremmande og risikofullt, men Sigbjørn seier at han og dei andre surfarane ikkje ser på det på den måten.
– Vi er såpass røynde at vi ikkje opplever dette som så skummelt som folk kanskje trur. Vi festar oss og har kontroll, seier Sigbjørn, som sjølv har surfa i om lag ti år.
Han ser ikkje vekk frå at han vil kome tilbake til Runde – sjølv om hemmelegheita er avslørt.
– Når det fungerer, er vi der. Det er det ingen tvil om.