LEIAR: No har også Fosnavåg fått seg BUA-tilbod. – Det er så fantastisk at det nesten ikkje er til å tru, uttalte dagleg leiar Britt Paulsen ved Herøy Frivilligsentral. Og det har ho rett i. Dette er eit tilbod som vil gjere det lettare for born og unge å prøve og utøve ulike sortar fritidsaktivitetar.

Alle kan vi låne bøker på biblioteket. Tilbodet BUA representerer tek utlånsomgrepet eit steg vidare. Her kan folk velje mellom drøssevis av utstyr til sport og aktivitetar, gratis. Når ein registrerer seg kan ein velje utstyr, som ein naturleg nok må fare fint åt med, for seinare å levere det inn att.

Du treng heller ikkje å vere herøyværing for å registrere deg som brukar. Det gjeld til dømes også for sandssokningar, om nokon skulle vere i tvil om det. BUA-sentralar finst etter kvart mange stadar rundt omkring i landet. Frå før finst det i vår region slike sentralar på Fiskå, i Ulsteinvik og Volda.

BUA står for barn – unge – aktivitet, og er ein nasjonal ideell organisasjon som skal gjere det lettare for barn og unge å prøve fleire og varierte aktivitetar, utan at ein treng å «tømme kontoen» av den grunn.

Det er også viktig å streke under at BUA er for alle, uavhengig av økonomisk stilling eller status på andre område. Også for miljøet må det reknast som ei fin ordning. Kor mange har vel ikkje kjøpt inn utstyr til dei unge og håpefulle, saker og ting som kanskje har vore brukt eit par gongar, og deretter stuva vekk og seinare kasta?

I Herøy er det frivilligsentralen som eig prosjektet. Dei fekk 445.000 kroner av Gjensidigestiftelsen til å kjøpe inn utstyr. Kommunen ordna med lokale, og vår lokale sportsbutikk er med på laget. Ein vinn-vinn-situasjon, der barn og unge no bør kjenne si besøkelsestid.