Meldingane syner at det vert opphaldsver og sol i det meste av resten av påska (bildet er frå yr.no, der vi har sett Gjerdsvika som utgangspunkt). Nokre plussgrader om dagen, og gjerne under nullpunktet om natta.

Veret vil syte for fin utfart innom fjorden til skisentera. I tillegg vil nok vi som bur i ytre også få besøk av mykje folk. På Runde er det fleire arrangement i påska, og på Sandsøya går som kjent den kjende Sjutoppsturen av stabelen på langfredag.

I tillegg vil det nok vere stor utfart på sjø og land, og til fjell og føre, elles i distriktet i påska.

Vis varsemd

Det mellombelse forbodet mot bruk av utandørs eld som vart innført i Herøy og Sande i kjølvatnet av dei mange grasbrannane, vart seinare oppheva. Men det er all grunn til å be folk vere varsame. Tysdag var det grasbrann på Fjørtofta i Haram, og brannfaren er allereie stor i terreng med mykje gammalt gras.