Kommunen kan ikkje vere med på kostnadene med sjølve brua som skal byggast mellom Vågsholmen og Fosnavåg sentrum. Eit slikt bidrag frå kommunen vil vere i strid med reglane for offentlege innkjøp. Kommunen sitt bidrag på 1,5 millionar kroner kan berre nyttast på landsidene, og til kvalitetsheving, understrekar avd.leiar Ole Magne Rotevatn overfor utbyggarane.