Store utskiftingar i legegruppa, sjukmeldingar og stadig bruk av nye legevikarar har skapt det hjelpepersonalet på Herøy legesenter omtalar som ein «turbulent situasjon». Dei kjenner til tider på at dei ikkje strekk til. I eit offentleg brev går det fram at dei fryktar innsparingsprosessen i kommunen vil skade tilbodet til pasientane.
– Etter våre utrekningar så skal her vere ei 100 % ledig stilling som helsepersonell ved dette kontoret, som vi til no har dekka opp med vikar på grunn av tilsettingsstopp i kommunen. No får vi vite at vi ikkje lenger får ha vikaren vår på grunn av innsparingar og at stillinga skal vekk. Dette kan vi ikkje godta, heiter det i brevet som er underskrive av fleire tilsette ved legesenteret.
Dei er bekymra for at det kan bli berre 3,8 stillingar for hjelpepersonell. Dei meiner pasientane er dei som først og fremst vil merke dette.
– Det er ikkje snakk om å opprette nye stillingar, men å få behalde den som ikkje er full etter at siste medarbeidar slutta hos oss vår/sommar 2017, skriv dei.
«Krevjande og belastande»
Vidare greier dei ut om korleis ein slik situasjon vil vere svært «krevjande og belastande» for dei.
– Ein vanleg gjennomsnittsdag så har vi mellom 60–70 pasientar innom laboratoriet og cirka 300 førespurnadar i ekspedisjonen. I tillegg kjem alle førespurnadane frå heimesjukepleia, helse-sjukepleiarar, sjukeheim, jordmor, psykiatritenesta, NAV, etc. ...
Ofte er det også så stor pågang at personalet ikkje klarer å halde oppe kravet om svartid på telefon, som etter fastlege forskrifta skal vere på maks to minutt. For dei er det med andre ord stressande og krevjande nok som det er.
Avslutningsvis heiter det:
– Vi ber om at vi får behalde 4,8 hjelpepersonell, då det er heilt nødvendig for at vi skal kunne yte den servicen pasientane har krav på, heiter det avslutningsvis.
Følger opp saka
Kommunalsjef for helse og omsorg i Herøy, Renathe Rossi-Kaldhol, har følgjande kommentar til brevet som no blir behandla:
– Dette er ei intern avviksmelding som vi følgjer opp i tråd med våre retningslinjer for denne typen saker.