I møte i Herøy Næringsforum (HNF) 9. mars 2018 påpeika eit samla styre viktigheita av å finne ei samla løysing rundt lokalisering av ny vidaregåande skule i Herøy. Eit samla styre gjekk inn for alternativ 1 av dei fire forslaga som ein volumstudie frå fylket hadde vist som eigna område. Styret såg på dette som eit «særdeles viktig og prioritert prosjekt», og 20. mars stod styret fram i Vestlandsnytt framfor Sunnmørsfisk-området og oppmoda om at både næringsliv og det politiske Herøy stilte seg bak utvikling av ny vidaregåande skule i ytre hamn.

15. juni blei det halde møte mellom fylket, kommune, HVS og Herøy Næringsforum vedrørande avklaring av tomt for ny skule. I dette møtet viste Svein Gjelseth (AP sin representant til den politiske arbeidsgruppa) til eit motteke brev frå Gunther Dahler (administrerande i Thon Hotell Fosnavåg og styremedlem i Herøy Næringsforum), der Gunther går inn for lokalisering av ny vidaregåande på tomt ved hotellområdet.

For meg framstår det som uforståeleg at eit styremedlem vel å aktivt motarbeide den same innstillinga han gjekk inn for 3 månader tidlegare, i eit særdeles viktig møte med fylket. Spesielt i ei sak som er livsviktig for utviklinga av Fosnavåg. At Svein Gjelseth ikkje har informert si eiga arbeidsgruppe i forkant av møtet om at han vil legge fram dette forslaget får vere ein anna diskusjon,  men det er kanskje ikkje slik ein ønsker å jobbe ilag i grupper? Det viser uansett at ein verken har samling i næringsforum, eller i den politiske arbeidsgruppa. Og fylket må lure på kva som skjer i Herøy.

Eg har valt å fråtre som styremedlem i Herøy Næringsforum på grunn av denne saka. Den går inn i ein trend som eg meiner skadeleg for Fosnavåg, der ein ikkje jobbar i lag men mot kvarandre. Vi treng sårt fornying og meir aktivitet i sentrum. Vi har eit engasjert næringsliv som ønsker å finansiere skulen, so både målsetjing og midlar skulle være innan rekkevidde, men då må vi samle travet.