– Det er all grunn til å bekymre seg over utviklinga på fylket, seier ordførar Arnulf Goksøyr.
Ordføraren si store bekymring knyter seg til Nordøyvegen og kva konsekvensen kan bli av eit vedtak om å gå vidare med Nordøyvegen, med den underfinansieringa som no har avdekka seg.
– Eit ja eller nei til Nordøyvegen vil sette sitt preg på resten av fylket. Konsekvensen av eit ja vil bli langt meir dramatisk enn om Nordøyvegen skal byggast eller ikkje, seier Goksøyr.
Spesialgruppe
Saman med Svein Gjelseth og Solveig Båtsvik er Goksøyr med i den tverrpolitiske gruppa som er nedsett for å jobbe fram tre definerte prosjekt som blir sett på som særs viktige for utviklinga av herøysamfunnet. Eitt av desse prosjekta er Herøy vidaregåande skule.
Konsekvensen for Herøy dreiar det seg fyrst og fremst om to bruer og ei hamn som fylkeskommunen også har ansvaret for.
– Om ikkje fylkeskommunen greier å skikke buet sitt, kan vi snart tale om eit bu i ordet si rette tyding, seier ein bekymra Goksøyr.
Inviterer til samarbeid
Herøy har no sendt ein formell invitasjon til fylkeskommunen om å bli med på eit samarbeid om vidareutvikling av Herøy vidaregåande skule, der ein ser på mulegheitene for relokalisering av skulen til Fosnavåg sentrum.
Invitasjonen blei sendt etter møtet som kommunen nyleg hadde med skuleleiaren og eigedomsleiaren i fylket, og der næringslivet også var representert som finansiell deltakar i ei forskottering av skulen.
Slik ordføraren ser det bør tida no vere inne til å få laga ein intensjonsavtale med fylkeskommunen, med sikte på å greie ut spørsmålet om forskottering av ny Herøy vidaregåande skule i sentrum.
– Fyrst må fylkeskommunen få avklara at prinsippet om å forskottere skulen skal jobbast vidare med. Når det er gjort, må vi gå vidare med ein intensjonsavtale som seier noko om korleis ein skal jobbe fram romprogram og avklare dei økonomiske forholda mellom fylket og kommunen ved ei forskottering, seier Goksøyr.
Ikkje samde om lokalisering
I brevet til fylkeskommunen blir det peika på at Herøy kommune tidlegare har samarbeidd med private aktørar og på den måten fått realisert hotell, parkeringshus og simulatorsenter i Fosnavåg sentrum. Arealmessig vil det vere fullt muleg å flytte skulen til sentrum, men etter det vi kjenner til har det enda ikkje kome noko eintydig frå kommunen om dei ulike alternativa for ny skuletomt i sentrum.
Lokaliseringsspørsmålet i sentrum er framleis eit diskusjonstema, så her har også kommunen sjølv ein avklaringsjobb å gjere. Så seint som på møtet med fylkeskommunen sist fredag blei tomtespørsmålet diskutert.
– Vi håpte å bli einige om ei tomtelokalisering, men noko slikt var det ikkje rom for denne gongen, seier Goksøyr.
Ifylgje ordføraren blei alternativet med Sparebank-tomta igjen kasta fram, saman med alternativet om å bygge ny skule på noverande tomt.
–Litt for tidleg
– Vi har starta ein prosess ilag med Herøy kommune, men enno er det mange forhold som må avklarast før vi kan kome i posisjon for å skrive ein intensjonsavtale med kommunen.
Slik kommenterer bygg- og eigedomsleiar Per Olaf Brekkan i fylkeskommunen invitasjonen frå Herøy kommune som blei send etter møtet sist fredag og der Brekkan sjølv var med. Brekkan viser til fylkestingsvedtaket frå 2015, der Herøy vg. skule blei teken inn som eit ekstra punkt på investeringslista med tanke på ei muleg forskottering.
Dette sa noko om prinsippet, men Brekkan understrekar at det enno ikkje er gitt noko poliisk mandat som avklarar sjølve forskotteringsspørsmålet.
– Vi har teke opp tråden, og vi satsar på å ha eit nytt møte med kommunen etter ferien der vi går vidare med saka, avsluttar han.