Den tradisjonsrike middagen samlar gjestar frå fjern og nær, og lager ei flott atmosfære ved sjøkanten i Gjerdsvika. Suksessmenyen med torsk, kams, lever, rogn og fiskesuppe er uendra når arrangørane byd inn til middag søndag 4. mars.

Vi har som vanleg rykande ferske råvarer frå Sandefisk på Sandsøya. Dei kjenner godt til arrangementet vårt, og leverer i år som tidlegare fyrsteklasses råvarer.

Folk har vore veldig flinke til å møte opp i alle år. Det håpar vi sjølvsagt dei skal gjere i år også.

– Vi skal rigge og lage til ein dag eller to i førevegen, og ved behov ryddar vi sjølvsagt vekk snøen til parkering. I tillegg til ei god matoppleving, brukar det å vere ivrig prat både rundt og mellom borda denne søndagen. Etter middagen vert det som vanleg høve til å kjøpe kaffi og kaker for dei som vil halde drøset gåande.

Det er styret i Adolfbuda som står som arrangør for den populære, årlege søndagsmiddagen.

– Sjølvsagt med god hjelp frå bygdefolket, som stiller opp og hjelper til. Alle er hjarteleg velkomne, seier Paul Endre Sætre.

Pressemelding