- Det er heilt forferdeleg at dette skjer, alle våre tankar går i dag til Andreas. Denne ørstaturen blei dyr for oss, seier ein forferda trenar, Anders Vaagen, etter den tragiske hendinga.
Trenaren konkluderer med at laget spelte greitt i fyrste delen av 1. omgang, men so skjer det forferdelege om lag 20 minutt ut i kampen.
- Utan å vite heilt sikkert kva som skjedde, var det snakk om ein duell, og Andreas Rekdal braut foten. Det er snakk om eit fullstendig brot, so gale som eit beinbrot kan vere, seier Vaagen.
Alt tyder på at Rekdal må opererast meiner trenaren.
Salt i såret
Kampen fekk eit opphald på over ein time. Etter dette heldt kampen fram, sjølv om det var litt vanskeleg å kople seg på att for spelarane.
- Resten av kampen gjer vi det etter forholda bra. Vi leverer ein god kamp, men på overtid klarer Ørsta å sette ein dødball og vinn 1-0. Det gjer naturlegvis ikkje dagen betre.
Ein støkk i laget
Vaagen seier denne skada set ein real støkk i laget som mistar ein viktig spelar denne sesongen.
- Dette var ingen god dag, avsluttar Vaagen.