Bergsøy var store favorittar i dagens kamp mot Godøy. Heimelaget hadde sterk motvind i 1. omgang og det tok 10 minutt før vi fekk kampens første avslutning på mål. Håvard Hundsnes førte opp langs høgrekanten. Keeper gav retur og der dukka toppscorar Franjo Tepuric opp og sette inn kampens første mål frå kort hald. Elles hadde Bergsøy nokre brukbare sjansar i 1. omgang men verken Andreas Mulelid Kvam, Eirik Heltne eller Håvard Hundsnes makta å sette ballen i mål mot eit svakt bortelag.
Bergsøy hadde medvind i 2. omgang og putta på ytterlegare 3 mål. Først Fredrik Muren med ein susar frå 14-15 meters hald. Deretter Martin Søvik Røren då han kaldt og roleg sett ballen til venstre for Godsøy sin keeper, og til sist når Franjo Tepuric sette inn sitt andre mål for dagen. Han curla ballen inn ved keepers høgre stolpe like før slutt.
- Må opp nokre hakk
Bergsøy spelte ikkje sin beste kamp for året. Presisjonen var tidvis dårleg og det vart tidvis litt for mykje fiksfakserier og forsøk på dribleraid.
Pluss i dag til tomålsskorar Tepuric og til unge Pijus Marsinkevicius som fortent nok vart kåra til Bergsøys beste spelar i denne kampen.
Trenar Toni Sandanger var nøgd med 3 fortente poeng.
– I dag var det stor kvalitetsforskjell på laga. Vi må opp nokre hakk til dei neste kampane. I dag var verken kreativiteten, intensiteten eller innsatsen på topp.
Kampfakta
Bergsøy – Godøy 4-0 (1-0)
Mål:
Franjo Tepuric (10 min)
Fredrik Muren (56 min)
Martin Søvik Røren (82 min)
Franjo Teouric (87 min)
Gule kort: Ingen
Tilskodarar: 228
Dommer: Even Myrheim (Emblem IL - Fotball)