– Det er klart eg gler meg, men eg er naturlegvis også spent. Det er mykje som blir nytt for meg i ei slik stilling og eg veit ikkje heilt kva eg går til.
Det sa Paulsen då Vestlandsnytt besøkte personalmøtet til kulturskulen denne veka. Frukostmøtet var lagt til Rune sitt naust, eller «mancave» om du vil, i Toftestøda. Dette vart gjort for at medarbeidarane hans skulle bli betre kjende med deira nye kaptein.
– Og eg må seie eg gler meg til å samarbeide med ein energisk, kreativ og blid gjeng, sa Paulsen innleiingsvis før han presenterte seg.
CV med maritim forankring
Arbeidserfaringa til Paulsen har blant anna vore som styrmann og skipper på Kings Bay på 90-talet. I forkant av dette har han også høgare utdanning innanfor maritime fag. Etter ei alvorleg arbeidsulykke om bord tilbake i mars i 1994, flytta Rune sitt virke opp på land og har i etterkant hatt ulike leiarstillingar i lokale reiarlag. På noverande tidspunkt er han dagleg leiar i si eiga bedrift Xpro Marine AS, og har ei lærarstilling på 20 prosent for NTNU i Ålesund der han også driv med eksamenssensurering. Han er også i gang med ein Master på NTNU i leiing av avanserte maritime operasjonar. Dette skal han kombinere med ei 60 prosent vikarstilling som rektor for Herøy kultur- skule.
Flittig trompetist og kulturytar
Sjølv om yrkeserfaringa er rik, ser det heller ikkje ut til å ha sett nokon stoppar for å vere ein flittig kulturentusiast på fritida. Tidlegare har han vore sekretær i Herøy fiskarlag, president i Herøy Rotary, hatt styreverv i Herøy kystlag og Frivilligsentralen. Han var med å skipa Herøy kameraklubb tilbake i 2011. I Ulstein storband har han i dei siste5-6 åra spelt 1. trompet.Til slutt har han, som mange kanskje veit, vore leiar for Herøy janitsjar og spelar trompet i ensemblet der.
– Eg lærte meg faktisk trompet på kulturskulen, noko som den gong var Herøy musikkskule, fortel Paulsen, og viser fram ein gammal attest han fekk etter å ha vore vikarlærar for messing-instrument eit vårsemester i 1978, signert av Robert Skeide.
Elles fortel han at det går med mykje tid i naustet til akkurat trompet, for her har han sine faste øvingar.
– Nei, med alt dette blir det ikkje mykje tid til TV-sjåing, sa Rune med eit smil.
Brenn for kultur
På spørsmål om kva som blir det kjekkaste med den nye jobben er svaret klart.
– Det blir å få jobbe med noko eg verkeleg brenn for. Kulturskulen er ein av våre viktigaste institusjonar etter mi meining, for kvar hadde vi vore utan kulturen? Det hadde vore eit trist samfunn, slår Rune fast.
– Ikkje på min måte
Rune er full av audmjukheit over den jobben som Robert Skeide har gjort med kultur- skulen, og tør ikkje seie han blir ein ny Robert, men …
– Eg skal love dykk at eg skal gjere mitt beste. Vi skal ikkje gjere det på min måte, men på våre måte, sa han og såg på dei tilsette.
Paulsen seier han gler seg til å vidareføre det Skeide har bygd opp. Han arvar ein elevskare på over 550 elevar.
God tru på Paulsen
Robert Skeide, den avtrappande rektoren, har god tru på at Paulsen kjem til å takle den nye jobben på ein god måte.
– Som skipper og styrmann veit han å halde stø kurs, og det er eg sikker på at han kjem til å gjere. Eg trur dette er ei god løysing. Rune er ein roleg, sindig og samlande person som evnar å sjå framover, seier Skeide, som no er klar for å leve livet som pensjonist.
– Ja, dette blir tredje gang eg pensjonerer meg, og alle gode ting er tre. No gler eg meg til å kunne fokusere endå meir på mannskoret.