– Å få målt beintettleiken på Volda sjukehus, og få konstatert eventuell beinskjørheit, er eit flott tilbod for oss her på Søre, seier seniortilliotsvalt Toril Langlo.

Gåva frå LO er eit svar på oppmodinga til arbeidsorganisasjonane om å bli med på innsamlinga til ny røntgenmaskin. Framleis manglar det ein del pengar til målet om 1,3 mill. kroner er nådd.

LO på Søre Sunnmøre oppmodar no arbeidstakarorganisasjonane i området om å gi ei nyttårsgåve til alle sine medlemer med å støtte aksjonen.

-Vi minner om at mange bekker små, gjer ei stor å. Så bli med og gi, oppmodar Langlo.