Det seier styreleiar Stig Remøy etter at fornybar- og subseaaktiviteten til Olympic Subsea ASA leverte eit positivt driftsresultat i fjerde kvartal.

Det restrukturerte Olympic Subsea, som hadde oppstart 7. februar i fjor, kan melde om driftsinntekter på til saman 582 mill. kroner og eit driftsresultat før avskrivingar (EBITDA) på 80 mill. kroner for året samla.

Av den samla årsinntekta kom 469 mill. kroner frå Blue Energy-segmentet (fornybar og subsea). Dette segmentet fekk eit driftsresultat (EBITDA) på 119 millionar kroner, noko som gir ein margin på 25 prosent.

Resultatet før skatt blei redusert til minus 139 mill. kroner når avskrivingar, nedskrivingar og finanspostar er tekne med.

Styreleiar Stig Remøy seier i ei pressemelding at slutten av året blei prega av låg aktivitet. Dette var forventa, og for å redusere kostnadene la selskapet fleire skip i mellombels opplag.

-Vi ser at reindyrkinga mot fornybar og subsea, har vore rett satsing, legg Remøy til.

Ventar auka aktivitet

Medan starten på året framleis er prega av dei krevjande sesongmessige forholda, forventar Remøy auka aktivitet frå våren og utover.

Under dei rådande marknadsforholda har selskapet valt å ikkje inngå langsiktige kontraktar med dårlege rater.

-Det vil gi oss ein stor fordel og gjere oss i stand til å handle raskt når marknaden kjem tilbake, seier Remøy.