Adm.dir. Jarle Gunnarstein i Larsnes Mek. Verkstad stadfestar overfor Vestlandsnytt at målet no er å inkludere ei overbygd tørrdokk i planane.

– Endringa inneber at reguleringsplanen må gjennom ei ny runde med politisk behandling, samt ei ny høyring og utlegging til offentleg ettersyn, seier teknisk sjef Kjell Martin Vikene i Sande kommune.

Folkemøte om hallen

Kommunen er i denne samanheng tilrådd å gjennomføre eit ope folkemøte. Det skjer på Larsnes torsdag i neste veke.

– Dette gjer vi for at innbyggjarane skal få mest mogleg informasjon på eit tidleg stadium i prosessen. Her er det viktig at alle kjem til orde, at prosessen vert så open som mogleg, seier Vikene til Vestlandsnytt.

På møtet komande veke vert kommunen, folk frå verftet og representantar frå verftet sin plankonsulent til stades for å informere.

Vikene seier endringa som har skjedd heilt på oppløpssida av utarbeidinga av ny reguleringsplan for verftet, må reknast som vesentleg. Difor vil det naturleg nok ta tid før den endra planen kan godkjennast, opplyser han.

– Kva syn har kommunen på saka?

– Vi kjem til å lage ei saksutgreiing i forkant av møtet i planutvalet, som er formannskapet. Her vil det som kjem fram på folkemøtet spele ei rolle. Difor vil vi vente med å flagge noko synspunkt i den eine eller andre retninga, svarar Vikene.

Den nye reguleringsplanen avklarer framtidig arealbruk på «Holmen» på detaljert vis. I prosessen har det ikkje kome inn vesentlege motsegner eller protestar til planen, opplyser plankonsulent AG Plan og Arkitektur.

Det nye no er at den planlagde tørrdokka skal realiserast med tak over, altså etableringa av ein høghall i den sørvestre delen av planområdet.

130 meter lang, 33 meter høg

Hallen får ei samla høgde over havet på 33 meter. Lengda vert på 130 meter, breidda 40 meter.

Larsnes Mek. Verkstad forklarar endringa slik i planomtalen:

– Som følgje av nærmare drøfting av verksemda si utvikling i styret til Larsnes Mekaniske Verksted AS er det konkludert med at det over tørrdokka må byggast overbygg som både sikrar sjølve dokka og som sikrar naudsynt arbeids- og manøvreringsareal langs sidene til dokka.

Grunngjevinga for tørrdokka skal få tak og vegger er krav til kvalitet, arbeidsmiljø, leveringsfristar, skiftande vêrforhold (stadig meir variert), samt redusert støy- og lysspreiing. I tillegg må botnen til dokka senkast ytterlegare 2 meter for å få tilfredsstillande djupne. Djupna i botnen på dokka vert på 15 meter.

Til samanlikning er høghallen ved Ulstein Verft 55 meter høg. Denne ligg til gjengjeld eit stykke lenger unna tett busetnad.

Teknisk sjef Vikene stadfestar at avbøtande tiltak i samband med realiseringa av høghallen vil vere eit naturleg emne i vurderinga av denne:

– Vi ser at det er teikna inn landskap på hallen si langside. Vurderingar om dette, fargeval og andre moment, er mellom faktorane vi må gå nærare inn i, seier teknisk sjef Kjell Martin Vikene.