Sildefisket i Nord-Troms skilta med 11.300 tonn innmeldt sist veke, men i skarp motsetning er det magre registreringar i Norskehavet. Her har vel 10 havgåande båtar, deriblant Teigenes, leita over eit stort område frå N 67⁰ til N 72⁰, samt delvis inn i Smutthavet. Silda har både stått spreidd utover og djupt. «Gardar» er einaste båt med fangst frå Norskehavet. Dei fekk 90 tonn i eitt trålhal vel 80 nautiske mil aust av Røst på laurdag. Tysdag kom Tegenes tilbake og vi tok ein kort prat med styrmann om bord, Terje Teige.

– Nei, det var ikkje heilt ideelt og vi såg ikkje mykje sild. Vi var mange som leita og «Gardar» fekk seg eit trålhal, men det var ikkje mykje å sjå. I tillegg var det litt dårleg vêr og kombinasjonen gjer at vi no vel å ligge stilt i alle fall til over helga, fortel Teige.

Han legg til at der er båtar som no er på jakt etter lodde ved Island og at kanskje her er håp etter kvart.

– Vi hadde håpa på at det skulle bli som i fjor, at dei som gjekk rett over nyttår fekk dei beste prisane. Men vi har framleis moglegheiter, slår han fast.

Teigenes har 3000 tonn med sild som skal fiskast i 2019.

Ifølgje Norges Sildesalgslag er det ikkje eit uvanleg fenomen at silda er litt vanskeleg å få tak i før ho for alvor trekkjer mot gytefelta. Den blir nok tilgjengeleg om ei veke eller to når den kjem inn på grunnare vatn.

Fyrste sildeleveranse

Elles kan vi melde at Fosnavåg Pelagic på tysdag tok imot årets fyrste sildeleveranse frå snurparen Frantsen Junior. Den leverte inn om lag 450 tonn med sild fiska i Kvænangen-området.

– Dette var fin og grei sild på 250–260 gram der kvaliteten var heilt ok. Prisen hamna på 3,60 kr -3,70 kr, noko eg vil kalle ein god pris, forklarar Roar Aasen, dagleg leiar ved Fosnavåg Pelagic.

– Ikkje noko topp-prisar i 2019

Vi spør Aasen om kva han trur om årets prisar på silda.

– Eg trur dessverre ikkje på topp-prisar i 2019. Det har vore stor oppgang på kvotane og Russland er framleis stengt for norsk sild, forklarar han, og legg til:

– Eg trur dei fleste er realistiske her, men det er for all del lov med forhåpningar, og so får vi sjå kvar det hamnar, avsluttar Aasen.