Ho byggjer reir på både dyrka mark og i fjørekanten, men ho føretrekker holmar og skjær, difor er øygruppa vår midt i blinken. For mange er ho ein kjærkomen og kjend fugl, men dei store mengdene kan føre til kraftige økonomiske tap og ergring for mange.
Enorme mengder gås
Grågåsa er ein art som har hekka i desse områda sidan lenge før vi kom hit. Den siste tida har bestanden formeira seg raskt, og dei 12 000 fuglane som kjem til landet om våren blir til 100 000 som reiser igjen på hausten.
Sjølv om fuglen er vanleg å sjå i store tal har den av natur ingen ønskjer om å vere nærme oss menneske, men på grunn av utbygging har ho lenger ikkje noko val. Når dei naturlege beitemarkene deira forsvinn har fleire begynt å beite på dyrka jorde.
Gåsa er ein stor fugl og fortærer rundt 1 kg gras kvar dag og legg frå seg 700g ekskrement. Då er det klart at det kan få økonomiske konsekvensar for nokre grunneigarar. NINA anbefaler å felle 35 000 gås i året for å halde bestanden stabil til forskjell frå dei 16 000 som vert felte årleg pr. dags dato. For å auke talet på felte gjæser har jaktstarten blitt endra frå 21. august til 10. august, men som eit resultat har gåsa begynt å trekke sørover rundt 14. august, medan datoen for dette tidlegare var 29. august.
Sjølv om ho kan vere ei plage for nokre og mykje tyder på at vi med fordel kan jakte meir grågås er ho eit levande dyr og vi må difor hugse å behandle ho med respekt.
Mange
At gåsebestanden er i sterk vekst vil ikkje seie at kvardagen deira er enkel. Stadig utbygging av område minskar moglegheitene hennar til å unngå kontakt med menneske.
Sjølv om dei fleste gjæsene på øyane våre føreheld seg relativt roleg til vårt nærvær vil ho bruke ein del tid på å halde auge med oss når ho har ungar. Dette kan fjerne merksemda hennar frå verkelege trugslar og det er nok av rovdyr som kan tenke seg ein liten grågåsunge til middag! Det er difor spesielt viktig at vi let grågås med ungar vere i fred.