Bøe fekk fisken i garn heime på Gurskefjorden. Det var ein yngel av den sjeldne St. Petersfisken som hamna i Bøe-garnet.

St. Petersfisken kan bli opptil 90 cm lang og åtte kilo tung. Fisken er oftare registrert i våre farvatn dei seinare åra, kan hende i samanheng med gradvis varmare sjø.

Han vert sett på som ein god matfisk, men er altså eit sjeldsyn på våre kantar. St. Petersfisken har vore observert så langt nord som i Trøndelag dei seinare åra, men tilfellet frå Gursken, med St. Petersfisk i mini-utgåve, må seiast å vere ekstra sjeldan kost. Kanskje blir fiske etter St. Petersfisk ny næring på Sunnmøre?