Gunhild Stordalen frontar rapporten i Norge, og megakjendisen får mykje merksemd.

No er både Gunhild Stordalen og dei andre forskarane utan tvil intelligente og lærde folk, men dei er så radikale at tilrådingane deira fell på steingrunn.

«For mykje og for lite, korje bra» var eit uttrykk gamle- kjøpmannen vår i Haddal brukte, som ei påminning om at middelvegen ofte er den beste.

For det er særs radikale råd dei kjem med, når dei ber oss om å redusere kjøtforbruket så mykje, at vi berre skal ete kjøt to gangar i månaden. Ein skulle kanskje tru at dei då ville fylle på med fisk, men slik er det ikkje. Fisk til middag berre ein gang i veka er rådet i rapporten. Hønene kan ta seg ein lang ferie dersom vi fylgjer råda i rapporten. Berre to egg i veka er tilrådinga frå dei lærde.

Til erstatning for det vi ikkje bør ete, må vi fylle på med noko anna, så vi ikkje svelt i hel. Her er rådet at vi må ete meir plantebasert mat, frukt og grønt, belgfrukter og nøtter.

Men det er ingen som stiller kritiske spørsmål til korleis ein kraftig auke i dyrking av plantebasert mat påverkar miljøet på jorda. Det skal sjølvsagt både areal og vatn til, og sprøytemiddel som ingen snakkar høgt om. I tillegg vil vel vi menneske byrja å sleppe ut meir klimagassar med dette kosthaldet. Det kan ein alltids legge avgifter på, vi kan trass alt betale, det kan ikkje oksen.

Å justere kosthaldet kan vere viktig av mange grunnar, eg burde til dømes ha ete mindre feitt, og redusert sukkerforbruket., eg jobbar faktisk med det kvar dag.

Men i denne rapporten, er det klimaet som står i fokus. Raudt kjøt som er produsert av storfe er eit trugsmål mot klimaet fordi dyra fis og gurpar gassar ut i atmosfæren. Både gris og sauer er litt meir klimavenlege, fisken også, men dei slapp ikkje gjennom det tronge nålauget til desse forskarane.

Men dyra har fise og gurpa sidan tidenes morgon, dersom det hadde ført til global oppvarming, hadde vi vel stått til hoftene i sjø no.

Eg prøvde å finne ut kor mange storfe vi har her i landet; I 1969 var det drygt 961.000 storfe i Norge, per. mars 2018, er det 874.000 storfe i Norge (Statistisk sentralbyrå). Det er ca. 87.000 færre klimabomber no, enn for 50 år sidan. Dagros og Litago er nok diverre under eit sterkt press av andre grunnar, vi ser ikkje mange kyr når vi køyrer langs landevegen ein sommardag. «Han bytte bort kua fekk fela igjen» er blitt meir aktuelt enn på lenge.

Denne rapporten går langt i å hevde at matproduksjon basert på husdyr er årsaka til dei globale miljøproblema. Det er ikkje rett, FN seier sjølv at kombinasjonen av økonomisk vekst og vekst i folketalet er den sterkaste drivaren for auka CO₂ utslepp frå fossilt brensel. Det er sjølvsagt eit tankekors at utsleppa aukar i lågkostland, fordi dei produserer varer som skal seljast billeg til høgkostland som Norge.

Rapporten går også langt i å stemple fisken som ikkje klimavennleg, forstå det den som kan. Dei fleste andre kosthaldsråd vil at vi skal auke i fiskeforbruket, men ikkje denne rapporten her.

Men Gunhild Stordalen har eit problem, som norske media av høflege grunnar unngår å omtale.

Ho reiser verda rundt med privatflyet til mannen, og legg ut bilde frå alle reisene på sosiale media. Men britiske media er ikkje så høflege som norske. I den britiske storavisa Daily Mirror blir Gunhild Stordalen hengt ut som ein hyklar som flyg verda rundt i privatfly.

Kvar Gunhild Stordalen reiser eller ikkje reiser er hennar sak, det blandar ikkje eg meg bort i, men kanskje kan vi skimte ein viss dobbelmoral i denne kjøtfattige lapskausen.

Det kan tenkast at det er lettare å krevje at andre reddar verda, slik at ein slepp å gjere det sjølv.

Ha ein svolten fredag!