Thomas Sætre Hauge er for tida utlånt frå Bergsøy til Gjerdsvika/LGFK2. Laget slo til med siger 6-2 borte mot Hareid 2 sist veke. Den fotballspelande frisøren som må reknast som ein fotballveteran, slo til med tre scoringar i denne kampen.

Dei andre måla til Gjerdsvika vart scora av Frants Leine Mork, Lukas Fjørtoft Sandanger og Sondre Voksøy Bringsvor. Hareid 2 sine mål vart scora av Antoni Gardshol og Nauris Driksna.

Bergsøy 2 på hogget

Det er ikkje berre Gjerdsvika som er i ferd med å finne sommarforma. Det gjeld også for Bergsøy 2, som i løpet av dei siste dagane har vunne to kampar på kort tid.

Først vart det siger 3-1 borte mot Hareid sine nest beste. Måla vart scora av Marcus Nilsen Nytun (2) og Kestius Riekasius. Sistnemnde noterte seg i fylgje kamprapporten også for ei utvising.

Ludvig Aleksander Jøsok Rasmussen netta for Hareid.

I ein utsett kamp som vart spela 30. mai slo Bergsøy 2 til med siger 3-0 borte mot nabo Tjørvåg. Målscorarar: Robert Alan Moltu, Marcus Nilsen Nytun og Marius Vangen Kvalsvik.

Hareid 2 og Tjørvåg, som skal møtast i Tjørvåg onsdag denne veka, står begge utan poeng så langt. Gjerdsvika har tre poeng, medan Hødd3 har sju.

Både Bergsøy 2 og Vanylven har ni poeng så langt, medan Hasundgot tronar på toppen med sine ti poeng. Hasundgot møter onsdag Vanylven heime.