Av sorenskrivaren si årsmelding går det fram at talet på meddomarsaker gjekk ned med heile 27 prosent i fjor. Sakene har likevel vore større og alvorlegare enn dei som kom inn i 2016.

I 2017 hadde tingretten ni saker med strafferamme på over 6 år, mot fem slike saker året før.

Til saman fekk tingretten inn 55 meddomarsaker i 2017.

Fleire barnelovsaker

Overprøvings- og barnelovsaker utgjorde i fjor ein større del av tvistelovsakene enn det som har vore vanleg ved Søre Sunnmøre tingrett.

At desse sakene utgjer ein større del av tvistesakene, kan ifylgje sorenskrivar Elisabeth Wiik ha ein samanheng med at tingretten fekk inn 19 prosent færre tvistesaker enn året før. Samla tal på tvistesaker i fjor var 58.

Søre Sunnmøre tingrett fekk inn 209 einedomarsaker i fjor, mot 176 året før. Sorenskrivaren trur mykje av forklaringa kan vere å finne i talet på oppnemningar og forsvararar i tilknyting til barn ved barnehuset. Desse har gått opp, medan talet på tilståingar, førarkortbeslag og besøksforbod var om lag det same som i 2016.

Redusert bemanning

I årsmeldinga skriv sorenskrivaren at 2017 har vore prega av bemanningsreduksjonen som tingretten blei pålagt frå årsskiftet. Då måtte ei av dommarfullmektigstillingane haldast ledig som ein del av innsparinga på grunn av ABE-reformen.

Trass i at beløpet som skulle sparast inn var på plass i mars, kunne dommarfullmektig likevel ikkje tilsettast før i september.

I store delar av 2017 hadde vi såleis berre to dommarar ved tingretten, skriv sorenskrivaren.

Denne reduksjonen blei synleggjort i form av auka saksavviklingstid, men på grunn av nedgangen i talet på saker greidde tingretten likevel å halde seg innafor måltala for saksavviklingstid for tvistesaker og einedommarsaker.

I meddommarsaker var saksavviklingstida på 97 dagar, mot 90 dagar som er målet for denne typen saker.

Som vanleg har dei tilsette ved tingretten ytt meir enn ein kan forvente, og dette har kome brukarane våre til gode, skriv sorenskrivaren.