To store investeringar med symbolske markeringar har vore gjenstand for åtgaum. Vi gratulerer Havila Kystruten med dåpen av Havila Capella og den komande dåpen av Havila Castor. Det vart reinaste folkefesten på Mjølstadneset då Per Sævik & co. inviterte til feiring.

Feiring var det også på Nerlandsøya, der det første spadetaket vart teke for. nyebrua «Endeleg», var omkvedet mellom dei som deltok på markeringa, etter mange års kamp for ny bru. No gjenstår sjølve bygginga.

Store pengar handlar det også om i samband med den tverrpolitiske semja i Sande om å gjere seg sjølv til skatteparadis. Eit komande grep som verkar spennande og forlokkande, men som framleis er berre ein teori som kan kan gje seg utslag i meir skatteinntekter til kommunen.

Endeleg har også det nye flaggskipet til Teige Rederi, «Sunny Lady», kome til Norge. Fiskefartøyet er spekka med teknologiske nyvinningar og har i tillegg andre bruksområde som gjer båten til eit fantastisk verktøy.

På den negative sida kan vi ikkje unngå å nemne forslaget til nytt fylkeskommunalt budsjett, der ein vender tommelen ned til hurtigbåt den dagen skipstunnelen kjem. I tillegg tilrår fylkesadministrasjonen ei vengeklipping av ferjerute 01, eit forslag som er oppsiktsvekkjande negativt.

Negativt kan det også trygt seiast å vere, det faktum at Herøy kommune ser ut til å måtte kaste korta når det gjeld planane om utdjuping av Fosnavåg hamn. I denne saka har det kome stadig nye episodar, nye planar er komne til og blitt forkasta.

Samtidig som klokka har tikka med tanke på fristar for gjennomføring. Med i bildet høyrer også det faktum at kommunen er alvorleg ute og køyrer, økonomisk sett.