Det blir lagt opp til det som nærast må reknast som ei vengeklipping av fylkesvegferjesambanda i Møre og Romsdal.

– No får vi det svart på kvitt, eller heller raudt på kvitt, kva dette betyr. Det er nærast ein massakre av ferjetilbodet i fylket vårt.

Det seier leiar i samferdselsutvalet, Kristin Marie Sørheim (Sp), i fylgje ei sak i NRK Møre og Romsdal.

– Forslaga om rutekutt eller takstauke blir i dag sendt ut på høyring med høyringsfrist 28. april. Etter høyringa blir det fremma ei politisk sak, som skal til endeleg avgjerd i fylkestinget i juni, heiter det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylkeskommunen opplyser til saka at dei får overført rammetilskot frå staten gjennom inntektssystemet, og nasjonal ferjestandard er retningsgivande for rammene for ferjedrifta. Denne standarden definerer kor mange rundturar eit ferjesamband skal ha på kvardag og kva opningstid sambandet skal ha, klassifisert ut ifrå lengde i km og årsdøgntrafikk (ÅDT).

Tilbod er «over standard»

Forbruket på ferjedrift i fylket er over 200 millionar kroner meir i året enn rammetilskotet frå staten, og tilbodet i dei fleste ferjesambanda ligg over nasjonal ferjestandard.

Fylkeskommunen forklarar:

– Eit av eksempla på dette er Edøya–Sandvika, der Staten legg til grunn at det berre skal gå éi ferje. Også på opningstider er det mange samband som ligg over standarden. Det største avviket her er på Molde–Sekken, der det etter nasjonal ferjestandard ikkje skal gå ferje i helgene. Opningstidene på Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya er også langt over standarden.

– Under orienteringa i samferdselsutvalet vart det peika på at det er tre alternative løysingar for ferje- og kollektivtilbodet i fylket, informerer fylkeskommunen, og syner til desse tre felta:

  1. Auka statleg overføring for å bevare dagens drift

  2. Rutereduksjonar tilpassa økonomiske rammer

  3. Auka inntekter frå dei reisande

Forslaga om kutt på lokale ferjestrekningar er som fylgjer:

Hareid–Sulesund

Desse avgangane med B- og C-ferja vert føreslått kutta:

  • Frå Sulesund 06:10, 17:10 og 18:10 på kvardagar

  • Frå Hareid 06:40, 17:40 og 18:40 på kvardagar

  • Frå Hareid 08:00 og 09:00 laurdagar

  • Frå Sulesund 08:30 og 09:30 laurdagar

  • Frå Hareid 11:00 og 12:00 sundagar

  • Frå Sulesund 11:30 og 12:30 sundagar

  • C-ferja vert innstilt to ekstra veker om sommaren + i romjula og påska

Samla venta innsparing: 4,95 millionar kroner.

Larsnes–Åram – Voksa – Kvamsøya

Desse avgangane vert føreslått kutta:

  • Frå Kvamsøy 06:30 med retur frå Larsnes 07:40 laurdag og søndag vert kutta.

  • Frå Kvamsøy 00:20 med retur frå Larsnes 01:05 som går seks dagar i veka vert kutta.

  • Avgangen frå Larsnes 21:20 vert utsett til 22:00 alle dagar. (Siste tur i sambandet)

  • Avgangen 22.50 i dag frå Larsnes, går ut.

Samla venta innsparing: 5,15 millionar kroner.

Årvik–Koparnes

  • Frå Årvik 04:30 og frå Koparnes 04:45 kvardagane vert kutta

  • Utsett avgangstid laurdag morgon og kvelden alle dagar

Samla venta innsparing: 2 millionar kroner.

I tillegg er det forslag om at alle ruter går opp ei takstsone. Det gjeld også dagens gratisruter som går opp til takstsone 1. Dagens gratissoner (takstsone 0) vil få takstsone 1 frå 16. august i år. Resten av rutene vil gå opp ei takstsone frå 1. januar 2024.

I tillegg er det varsla kutt i rutene også med hurtigbåten mellom Hareid, Valderøya og Ålesund.