To personar vart drepne og eit tjuetals andre skadde i masseskytinga utanfor to utestadar i hovudstaden, i det som var midt i opptakta til Pride-markeringa i Oslo. Det var samstundes midt i markeringa av at det er femti år sidan det vart avkriminalisert å vere homofil. Før 1972 kunne ein nemleg bli straffa om ein «utøvde legninga si», som det heitte.
Angrepet representerer dessverre noko nytt og skremmande. PST og politiet har slått fast at vi her mest sannsynleg står overfor ein terror som har utspring i hat, og som no har gått inn i ein dimensjon med vald og drap. Slikt skaper redsle, ikkje berre i Oslo, men over heile landet og ikkje minst i LHBT-miljøa.
– Trusselen kan kome frå personar med ulike ideologiske, politiske eller religiøse overtydingar, sa PST-sjef Roger Berg til VG denne veka. Det var onsdag, etter at trusselnivået vart skrudd ned frå 5 til 4, og livet etter kvart kan gå vidare igjen, forhåpentlegvis som vanleg. Men det tek tid å lege slike sår.
Det som skjedde i Oslo har skaka opp folk i heile landet. Midt i det heile varmar også reaksjonane frå folk flest. Ein måte mange har uttrykt støtte til LHBT-miljøet er å endre profilbilde på sosiale medium, med bruk av regnbogefargane.
Terroren har sett ein støkk i folk. Ei trøyst for mange kan vere den varmen som no kjem dei skeive, og dermed samfunnet generelt, til gode. Det store paradokset i det som altså ser ut til å vere eit terrorangrep mot bestemte menneske i samfunnet, er at hatet er retta mot nokon som vil elske den ein vil. Det siste er ein menneskerett. I alle fall her til lands.