Klokka har så vidt passert 18 denne søndagskvelden. Vinterferien har nok gjort sitt for at det ikkje florerer av Bergsøy-drakter på Havila stadion Fosnavåg, men heilt fritt for folk er her heller ikkje. Ein sportleg flokk av yngre damer er godt i gong med ei oppvarmingsrunde rundt stadion. Ein ting er verdt å merke seg. Draktene er ikkje like.

Eit felles løft

– Dette er vår fyrste felles trening, fortel Toni Sandanger som står og følgjer med på treninga.

Det Bergsøy-trenaren og den sportslege leiaren i klubben refererer til, er det faktum at det er tre lag som trenar i lag denne søndagskvelden. Det er ei trening som markerer starten for ei samanslåing av J16 og damelaga til Bergsøy, Tjørvåg og Gurskøy.

– Det er rett og slett eit tiltak vi gjer for å styrke senior og jente 16 laget. Laga har knapt nok folk til å kunne spele 11-ar fotball, noko alle tre laga har eit ynskje om. Derfor har vi bestemt å slå saman laga frå og med no.

Sandanger fortel vidare at dei håpar dette vil hindre fråfall i rekkene og at det også kan bidra til å få spelarar tilbake på laga.

– Laga kjem til å trene kvar for seg i vekene, med felles treningar på søndagar.

Dette er noko som spelarane ser på som positivt.

– Det er kjekt med litt nye andlet og få lov til å spele og samarbeide med Tjørvåg og Gurskøy, seier Kareema Wiig mellom aktivitetane.

Ho får også samtykke frå Eirill Dahlstrøm og Malin Torset Sivertstøl som spelar for Tjørvåg. Dei håpar dette kan auke populariteten i damefotballen.

Set i gong fleire tiltak

Tiltaket som no vert gjort i Bergsøy, Tjørvåg og Gurskøy kan bli sett i ein større samanheng. NFF har gått sterkt inn for å gjere eit løft innanfor jente- og damefotballen på nasjonalt basis. Fleire jenter og damer skal inn i fotballen.

– Vi har i Bergsøy, som i fleire lag, hatt alt for dårleg rekruttering når det kjem til jenter, fortel Sandanger.

I tillegg til samarbeidet med dei andre lokallaga har Bergsøy fleire målsettingar.

– Vi har ambisjonar om å klare å ha eit jentelag for kvart årskull. Det bør Bergsøy klare, slår Sandanger fast.

Han forklarar at det også blir viktig på få på plass trenarar som kan sørge for god trivsel på laga. Som kan fokusere på sosiale ting så vel som fotballen.

Spelar for damelaget, Ingelin Kvalsvik, meiner det er viktig å få på plass gode trenarar.

Må tenke annleis

Sandanger ser at Bergsøy kanskje har valt feil strategi når det kjem til jentefotballen, og siktar speseielt til litt høge krav.

– Vi ser at vi kanskje må tenke litt annleis. I staden for å sette for høge krav vil vi fokusere meir på det sosiale aspektet med fotballen. Som eit eksempel arrangerer vi fleire sosiale samkomer og pizzakveldar for å gjere det endå kjekkare å vere med, legg Toni til.

Han seier det inntil vidare ikkje skal vere krav om divisjon. Kravet skal heller vere at dei klarer å halde oppe laga.

Fylket øyremerkar pengar

Når ein likevel er inne om temaet kan det nemnast at Møre og Romsdal Fylkeskommune går saman med fotballkretsane i fylket om å sette ekstra fokus på utviklinga av jentefotballen. Fylkesrådmannen har sett av 0,5 millionar kroner årleg i perioden 2018–2020 for å få til eit jenteløft i fotballen.