I det Vestlandsnytt trer inn i lokala til fritidsklubben på Herøy kulturhus, blir vi møtt av eit mannskor. Dei stemmer i ein sjanti om byutvikling i Fosnavåg.

– Som alle andre år, er det lokalmiljøet og lokalavisa som er inspirasjonskjelda for majoriteten i alle humorinnslaga, smiler, Mona Grethe Ryssevik, regissør for Fosnavåg revyen 2019, medan ho rablar ned eit nytt sjantivers på notatblokka si på pianoet.

– Her tek ting form undervegs, forklarar ho, og held fram med å akkompagnere gjengen

Det er øvingshelg for Fosnavågrevyen 2019, som i år har fått namnet «Med skråblikk på året som gikk».

Ligg bra an

Etter sjantien er ferdig blir skodespelarane spude om å skifte om til politisk debatt.

– Vi ligg ganske godt an. Men som eg har sagt tidlegare år, manuset er ikkje ferdig før dagen før. Vi kjem alltid på ein ny replikk eller småendringar.

Ryssevik forklarar at årets besetning er nokolunde lik fjoråret. Dei har til og med fått inn tre nye ansikt.

– Vi gler oss over at Linda Eidem, Frode Ryssevik og Elias Warholm Nærø no er med oss.

Nytt av året

Gjengen har fått skifta om. Vi får nok ein smakebit frå repertoaret til revygjengen, denne gongen eit innslag vi dreg kjensle på frå tidlegare: politisk debatt, der lokale politikarar blir parodierte.

– Det blir heite tema, avansert koreografisk dans og politisk debatt om lokale nyhende. Det ryktast også at «The King» framleis lever. Kanskje tek både han og Tina Turner turen i år, røper gjengen.

Eit anna type innslag som blir nytt av året er eit humorformat gjort populært mellom anna av «Nytt på nytt» på NRK, der ein tøysar om nyheitssaker frå fjoråret med ein kort replikk og tilhøyrande avisutklipp.

Lite hemningar

Det er lett å sjå at gjengen gler seg til å invitere til revy 1. og 2. mars på Fosnavåg konserthus.

– Vi ser fram til nok ein gong å fylle konserthuset. Vi kan love at det blir ei treningsøkt for lattermusklane. Vi mistar hemningane berre meir og meir for kvart år som går.

– Er det fordi de kjenner publikum betre?

– Nei, fordi vi kjenner kvarandre betre og betre, flirer Mona Grethe Ryssevik.