Remøyværingen reagerer på måten Mørenett har etterlate seg nedkappa tre på, på familien sin fritidseigedom på Kvamsøya.
– No har eg vore på ein fleire rundars dialog med Mørenett om saka, og har bestemt meg for å gå til media, seier Sævik til Vestlandsnytt.
Han syner til resultatet av linjerydding i utmarka på fritidseigedomen på sørsida av Kvamsøya.
– Dei har berre dumpa det rett på marka. Eg har spurt om det er slik dei opererer, og har berre fått til svar at «dette er vår standard», seier Sævik.
Han kan fortelje at Mørenett også har vore på synfaring på staden, utan at dei har funne grunn til å rydde opp.
– Dei opplyste at tidlegare eigar, min svigerfar, som var i åttiåra, hadde sagt at dei kunne berre leggje det ifrå seg. Så nyttar dei det også som argument at det har gått så mange år sidan arbeidet skjedde. Då lurer eg på om ansvar går ut på dato, seier Sævik.
Han er derimot imponert over eit innleigt privat selskap frå Vanylven som var i same området.
– Dei karane synte service. Dei spurde kvar dei skulle gjere av trea, og kappa dei deretter opp i passande lengder. Her kunne Mørenett ha noko å lære.
– Kan handtere det sjølv
Hans Peter Eidseflot, fagansvarleg for skog og miljø i Mørenett, seier fylgjande:
– Trefellinga han klagar på vart utført for over seks år sidan etter ein munnleg avtale som verken Sævik eller Mørenett kjenner innhaldet i. Vi har seinare utført linjerydding på staden, utan at dette vart teke opp som eit problem då. Vi vurderer ulempene til Sævik som marginale, og som noko han enkelt kan handtere sjølv.
Vanylvingane Sævik syner til var der på oppdrag for Mørenett, på ordinær linjerydding, legg Eidseflot til.