Nokre var vel litt usikre på korleis denne serveringa ville verte, men alle som vart spurde meinte det var svinaktig godt!

Litt grisevêr med regn og vind vart det undervegs i første del av tilskipinga for Sumarsamkoma, både fredag og laurdag, men søndag vart det svinaktig fint og sånn sett var ein eigentleg svineheldige og hadde griseflaks med det som skulle vere – både inne og ute.

Det er Landsbyrådet på Larsnes, som i samarbeid med mellom anna Breidablik, idrettslag og sogelag står for denne tilskipinga som har vorte ein god tradisjon for storsamling av landsbyfolket og mange andre.

På førehand var ikkje vêrutsiktene dei aller beste, så slik sett var ein glad og lukkeleg over at den tre dagar tilskipinga vêrmessig gjekk såpass bra som det gjorde.

Fredag ettermiddag var det Miniklubb med fysiske aktivitetar for dei minste borna i Larsneshallen.

I Gamlebanken var det tilrettelagt for Juniorklubb og Ungdomsklubb om ettermiddagen og kvelden. På Breidablik opna dørene for kvelds-Quiz for publikum over 18 år.

Laurdag føremiddag låg både kulden, vinden og regnet framleis i lufta frå sør og ein undrast om det ville lukkast å halde den påtenkte bygdevandringa på Kvalen. Det gjekk likevel bra og Larsnes Sogelag kunne få presentert sin omvisingsplan som planlagt (sjå annan omtale).

Fantetoget hadde også i år stor deltaking med mange fantasifulle utklednader. Første del av togturen, frå Sparebanken til Sandetun og retur, var faktisk i fint solskin, men for den siste delen vart det grisevêr med vind og regn. Då var det godt å kome tilbake til teltet for servering av dagens rett – heilgrilla gris og varme vaflar!

På grunn av vêrtilhøva måtte grillinga av dei dei to heile svineskrottane, som starta omkring kl. 07 laurdag morgon, vere under eit provisorisk bygg. Det heile vart såleis ikkje så eksotisk og spanande som ein hadde vona. Men dei to middels store grisane vart godt grilla, og som nemnt – svinaktig gode. I teltet var det berre lovord om denne noko uvanlege retten.

Seinare var det diverse uteaktivitetar og «JonsokSjåv» med konkurransar på Landsbystranda og offisiell opning av den (sjå annan omtale). I plaskregnet om kvelden møtte folk til «JosokPub» i eit bortimot fullsett telt.

Trim og historikk

Søndag var det Larsnesmila i finvêr for mange mosjonistar. Deretter var Breidablik på ny klar for Landsby-samkome med servering av middag og sjokoladesnittar etter Reidar Haugen, og tidlegare Larsnes Elektriske Bakeri, si oppskrift. Berre lovord også om det!

På Breidablik stod sogelaget også for ei miniutstilling av utstyr frå bakeriet og ei fotoutstilling frå den nære fortid der mange fann seg sjølve. Ved luftslottet i hallen var det lange køar av born som tørka sveitten og venta på å få sleppe til med neste tur gjennom slottet.

Sumarsamkoma var avslutta med Landsbyrådet si tilskiping av «Stormøte» på Breidablik. Deltakinga der bar preg av at landsbyfolket etter tre dagar truleg var noko utmatta av alt som hadde vore. Ein fekk likevel mange nyttige meiningsutvekslingar og synspunkt om aktiviteten i landsbyen.

Heilt til slutt på saklista for Stormøtet stod kampen mot brunsniglar. Noko løysing på det kom ikkje fram, men etter den debatten var den punktlege og gode tilskipinga Sumarsamkome 2019 avslutta.