Onsdag kveld er det samla inn i overkant av 110.000 kroner til spleisen «Hjelp oss å hjelpe Andreas tilbake til livet».

Andreas (26) har opplevd mobbing store delar av livet. No er han innlagd på ein institusjon, tungt medisinert og psykotisk.

– Han tok avstand frå mobbing og sa ifrå. Det var kanskje ikkje så kult mellom verstingane. Det var vel slik dei byrja å mobbe Andreas, fortel mora Heidi Muren.

Allereie i femte klasse starta mobbinga. Ho vart stadig verre, og etter kvart byrja Andreas på medisinar.

– I dag er eg sikker på at han vert psykotisk av medisinane. Han har gått på sterke medisinar sidan han var 16–17 år. Å sjå korleis han er no, gjer vondt.

Les historia om Andreas i saka under:

– Måtte gjere noko

Spleisen vart sett i gang etter at Heidi skreiv om situasjonen Andreas og familien er i på Facebook.

– Eg måtte gjere noko. Det trefte meg rett i magen, seier initiativtakar Monika Haanes Waagan.

Ho kan fortelje at pengane mellom anna skal gå til advokat for å hjelpe Andreas over på behandling som fungerer. Men det kostar pengar. Målet er 500.000 kroner.

– Vi er særs takksame for alle som har og vil bidra, avsluttar Haanes Waagan.