LEIAR: Det at styringsrenta vart heva med 0,5 prosentpoeng inneber at vi må tjue år tilbake for å finne ein tilsvarande auke. Den etter måten sterke auken var det mange som venta på, etter eit realt rentehopp i USA sist veke.

No har vi ikkje like oppheita økonomi med tilsvarande prisauke som i USA, men likheitene er fleire, og dei fleste økonomar er samde i at det i dag trengst tiltak for å dempe etterspurnad og prispress, slik at vi ikkje går inn i ein spiral som vil vere svært øydeleggande for folk, bedrifter og nasjon.

Styringsrenta vert sett opp til 1,25 prosent, og dette er den fjerde auken sidan september i fjor. Men no vert det altså «skrudd skikkeleg til», og det kan vere på gang fleire rentehevingar det komande året.

Det vert no antyda ei styringsrente på rundt 3 prosent neste sommar. Uansett er det klart at banken din no gjer seg klar til å auke renta på lånet ditt (ja, etter alt å døme renta på ditt eventuelle innskot i banken).

Dette må folk no ta høgde for, og ikkje minst alle som frå før har store renteutifter som ein del av sin økonomiske kvardag. Forbrukar- og kommunikasjonssjef Carsten Henrik Pihl i Huseierne reknar med at ei styringsrente på 3 prosent neste sommar vil medføre at bustadlånrenta vert 4,5 prosent.

Eit bustadlån på 3 millionar kroner kan med auken vi har sett siste året ha blitt rundt 30.000 kroner dyrare på eit år. Og meir renteauke kan altså vere på gang, etter kvart kanskje så mykje som rundt rekna ei månadsløn ekstra i renteutgifter.

Huseierne peikar elles på ei lita «trøyst» i det heile. Renta kan ikkje setjast opp før seks veker etter at bankane varslar renteauke. Men så vert det altså knaketider — noko folk flest nok vil merke i året og truleg også åra som kjem.