Dei fleste som reiser ein del over fjord og fjell helsar vegarbeidet på fylkesveg 61 mellom Larsnes og Gurskebotn velkome. Bakgrunnen til at det no er sett igang eit omfattande arbeid med utskifting av drensrøyr og at det vert gravd nye stikkrenner under vegen på nordsida av skaret, er alvorleg nok:

Medan fylkeskommunen planla den etterlengta utskiftinga av toppdekket, vart det oppdaga at her trengst det eit omfattande arbeid til for å hindre at vegen vert vaska ut.

Om dette arbeidet ikkje hadde blitt utført no, kunne ein ha risikert at vegen ein gong – kanskje ikkje om så veldig lang tid – vart stengd i lengre tid. Det same kunne ha skjedd som i Tjørvåg for nokre år sidan. Der vart fylkesvegen brått og utan forvarsel vaska vekk etter ein periode med store nedbørsmengder. Utbetringsarbeidet tok dagesvis. I den situasjonen var ein heldig med at det finst omkøyringsmoglegheiter på Gurskøya, slik at verken privatfolk eller næringsliv vart hindra i vesentleg grad.

Annleis er det med flaskehalsen Drageskaret. Vert det stengt her, er det truleg ingen omkøyringsmoglegheiter, og då må ein reise over store avstandar og ta både Eiksundsambandet og kanskje ferje frå Volda til Lauvstad for å kome seg rundt. Nattestid er det endå verre.

Det er lett å trekkje ein parallell til Dragsundbrua og den bekymringa fleire og fleire etter kvart uttrykkjer rundt tryggheit og eventuelle stengingar der. Vert Dragsundbrua stengt, er det i praksis slik at Herøy og Sande er isolert frå det meste av omverda. Her er det ein enorm trafikk, faktisk 6.000 bilar i døgnet. Ei stenging her, på grunn av ulukker, skader på brua eller andre forhold, bør dessverre reknast som eit mogleg scenario. Det bør fylkeskommunen ha i mente når kommunane sine krav om ny bru no gjer seg gjeldande.