Denne gongen har dei oppdaga vesentlege funn i korleis hjernen hugsar.

– Vi har funne eit veldig morosamt fenomen. Og det er at cellene som er aktive i eit bestemt område av hjernen, følgjer eit bestemt mønster. Dette mønsteret går om igjen og om igjen og om igjen, seier May-Britt Moser til NRK.

Eksmannen og forskarkollega Edvard Moser legg til at det handlar om korleis hjernen vår organiserer hendingar i rekkjefølgje.

– Dette er fundamentalt for at vi skal hugse. Ein heilt fundamental hjernekode, og det er denne vi no er på sporet av. Dette er grunnleggjande for å forstå korleis hjernen vår verkar.

Studien er publisert i eitt av dei mest anerkjende tidsskrifta i bransjen, Nature.

– Det er så fantastisk og viktig. Ikkje berre for senteret vårt, men for alle dei som er involverte. Då veit vi at det er superkvalitet, og det er det som er varemerket vårt, seier May-Britt Moser.

Kan bidra til å forstå Alzheimers

Edvard Moser og May-Britt Moser har begge doktorgrad frå Universitetet i Oslo og kjem høvesvis frå Ålesund og Fosnavåg på Sunnmøre. No tilhøyrer dei NTNU og Kavli-instituttet i Trondheim, der dei også tidlegare har kome med banebrytande funn.

Dei har bidratt i forsking på hippocampus, eit senter i hjernen som mellom anna tek føre seg hukommelse og romleg orientering. Funnet dei har gjort no har så vidt vore forska på før og er gjort mogleg på grunn av ny teknologi, fortel medforskar ved Kavli-instituttet og førsteforfattar i den nye studien, Soledad Gonzalo Cogno.

– Dette er unike funn som opnar for eit heilt nytt felt, legg ho til.

Edvard Moser forklarar at dette funnet er sentralt for å kunne forstå Alzheimers sjukdom.

– Det er stort. Ein veit aldri sikkert før det har gått ein del år. Men dette er eit nytt fenomen som opnar for meir forsking som kan gi svar på korleis hjernen fungerer, seier han.

(©NPK)