Det er klart etter at maritim og teknisk komite snudde ei negativ tilråding til eit positivt vedtak for søkjaren.

Den negative tilrådinga bygde på synet til Fylkesmannen, som meinte at området burde prioriterast for natur- og friluftsinteresser i staden for naust. Fylkesmannen la til grunn at det gamle naustet var bygd i ei heilt anna tid og med heilt andre behov for slike bygningar. Difor la han ikkje vekt på at det hadde stått eit naust på tomta tidlegare.

Det gjorde derimot MT-komiteen, som baserer sitt positive vedtak på at det er tale om ei gjenreising av eit naust som stod her heilt fram til 2011. Slik komiteen ser det, vil gjenreisinga ikkje privatisere strandsona på ein slik måte at ikkje dei ålmenne interessene blir ivaretekne med tanke på bading og friluftsliv.

Løyvet gjeld oppføring av eit tradisjonelt naust. Fylkesmannen har varsla at han vil vurdere å klage dersom det blei fatta eit positivt vedtak.