Det skal framleis vere høve til å bygge to-mannsbustader i neste utbyggingssteg av bustadfeltet i Dragsund. Men etter det som blei sagt i formannskapet tysdag, kan det bli vanskelegare å få dispensasjon for bygging av enda større bueiningar i feltet som skal kome.
Det er nemleg velvillig behandling av dispensasjonssøknader som er årsak til at Dragsund-feltet i dag er «overbefolka» av fleirmannsbustader.
Det blei understreka frå administrasjonen då formannskapet hadde oppe grendelaget sitt opprop om at private må få fyrsterett til tomtene som skal seljast i framtida. Politikarane viste stor forståing for grendelaget sitt syn, men var ikkje heilt einige i kor langt ein bør gå med å begrense mulegheitene for bygging av anna enn einebustader.
Inngangsbilletten
Høgre var dei mest skeptiske til å begrense, og ifylgje Tine Storøy må politikarane også ha i tankane at for mange er ein fleirmannsbustad sjølve inngangsbilletten til bustadmarknaden.
– Eg trur vi vil misse mange etablerarar om ikkje vi skal tillate anna enn einebustader, la Stig Arne Sævik til.
For lite einebustadtomter
Per Kristian Furø trudde ikkje det fyrst og fremst er fleirmannsbustader som manglar i Herøy i dag. Einebustader er det derimot vanskeleg å få tomter til, meinte han.
– I årevis har det vore sagt at det er vanskeleg å skaffe einebustadtomter i Herøy, sa Furø, som frykta tap av innbyggarar til nabokommunar der tilgangen på slike tomter er større.
Difor meinte han og resten av Arbeiderpartiet at grendelaget måtte imøtekomast. I så måte hadde dei også eit forslag på lur, men valde til slutt å ikkje sette det fram.
Ordførar Camilla Storøy ville minne om ei liknande sak på Frøystad. Også der meinte innbygarane det var mange nok fleirmannsbustader, men blei ikkje lytta til.
Eg trur det er firemannsbustader folk i Dragsund er mest redde for, sa Storøy.
Sats på Dragsund!
Rådmann Olaus-Jon Kopperstad understreka at viss ein tenker befolkingsvekst i Herøy, ligg Dragsund veldig strategisk til. Difor hadde han følgjande råd til politikarane.
– Sats på Dragsund, og ta ei utbygging som opnar for både einebustader og tomanns.