Som i fjor var det Åkerøy som opna kolmulefisket med ein fangst på 1950 tonn. Innmeldinga frå Dønna-båten kom etter to døgn med tråling i eitt av dei kjende fangstområda vest av Irland.
På dei positive meldingane tok også herøybåtane Eros og Kings Bay laust og sette kursen vestover. No er begge båtane på veg tilbake med sine fyrste fangstar i det nye fiskeriåret.
Allereie onsdag kunne Eros melde om 1750 tonn, som blei kjøpt av Vedde. Torsdag morgon kom også Kings Bay på fangstlista med 2300 tonn. Det vil seie full last.
Sildelaget melder at dei fyrste fangstane blei tekne i EU-sona, i om lag det same området som fisket starta i fjor.